Fredrik I av Det tysk-romerske riket
Fredrik I, med tilnamnet Barbarossa, vart truleg fødd i 1122 i Waiblingen. Han døydde den 10. juni 1190. Namn på tysk språk er Friedrich I. Barbarossa. Han drukna i elva Saleph (seinare Göksu) i Anatolia i Tyrkia. Fredrik var hertug av Schwaben, tysk-romersk konge (Konge av romarane) frå 1152, konge av Burgund frå 1178 og keisar av det tysk-romerske riket frå kroninga 18. juli 1155. Han høyrde til fyrstehuset Hohenstaufen, og var son av hertug Fredrik II, den einøygde, av Schwaben og kona, hertugen av Bayern si dotter Judit.
Fredrik I av Det tysk-romerske riket | |||
| |||
Fødd | desember 1122 Haguenau | ||
---|---|---|---|
Død | 10. juni 1190 Göksu | ||
Tittel | Konge av romarane, tysk-romersk keisar, hertug av Schwaben | ||
Alle titlar | hertug, greve av Burgund, tysk-romersk keisar | ||
Hus eller slekt | Huset Hohenstaufen | ||
Gravstad | Church of Saint Peter | ||
Land | Det tysk-romerske riket | ||
Mor | Judith von Bayern | ||
Far | Friedrich II | ||
Ektefelle | Adelheid av Vohburg, Beatrice I, Countess of Burgundy | ||
Barn | Philipp von Schwaben, Henrik VI av Det tysk-romerske rike, Frederick V, Duke of Swabia, Fredrik VI av Schwaben, Conrad II, Duke of Swabia, Otto I, Count of Burgundy, Beatrice Schwäbische, Sophie of Hohenstaufen, Agnes von Staufen |
I 1147 fylgde han med farbroren Konrad III av Tyskland på det andre krosstoget. Konrad valde Fredrik som sin etterfylgjar framför sin eigen son. Fredrik Barbarossa gav seg i veg på det tredje krosstoget, men nådde aldri Jerusalem. Han drukna då han skulle symja over ei elv i noverande Tyrkia.
Tilnamnet «Barbarossa» (raudskjegg) fekk han i Italia på grunn av sitt raude skjegg.
Sjå òg
endre- Operation Barbarossa - Hitler-Tyskland sin invasjon av Sovjetunionen under den andre verdskrigen.