Fredrik Kempe
Fredrik Kempe (fødd 29. april 1972) er ein svensk musikar og låtskrivar frå Vårgårda. Han er no busett i Stockholm.
Fredrik Kempe | |
![]() | |
Fødd | 29. april 1972 (51 år) |
---|---|
Fødestad | Vårgårda |
Fødenamn | Lars Fredrik Kempe |
Opphav | Sverige |
Aktiv | 2001– |
Sjanger | pop |
Instrument | piano, vokal |
Stemmetype | tenor |
Verka som | songar og låtskrivar, songar, komponist |
Tidlegare har Kempe delteke i musikalar, m.a. Les Miserables og Chess. I 2002 vart han kjend i Sverige med pop-låta «Vincéro», som blanda techno med operamusikk.
Kempe deltok i Melodifestivalen 2004 med songen «Finally», og prøvde på nytt i 2005 med «Du och jag mot världen» saman med Sanna Nielsen. Den sistnemnte songen enda på ein åttandeplass.
Fredrik Kempe har gjort seg eit stort namn innan låtskriving, særleg i Melodifestivalen. Mellom anna har han skrive låtane «Hero» av Charlotte Perrelli og «Popular» av Eric Saade, som begge vann festivalen og representerte Sverige i Eurovision Song Contest. Også «My Heart Is Yours», som vart framført av norske Didrik Solli-Tangen i Eurovision Song Contest 2010, var skriven av Kempe i samarbeid med Hanne Sørvaag.
KjeldeEndra
- Denne artikkelen byggjer på «Fredrik Kempe» frå Wikipedia på svensk, den 28. mai 2012.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |