Fredrikke Tønder-Olsen
Fredrikke Tønder-Olsen (26. september 1856–30. desember 1931) var pioner innan kvinnesakarbeidet i Noreg.
Fredrikke Tønder-Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. september 1856 Dønna kommune |
Død |
30. desember 1931 (75 år) |
Yrke | forretningsdrivande |
Ho vart fødd på handelsstaden Kopardal på øya Løkta i Dønna kommune, Helgeland. Ho byrja i gravørlære i Bodø, men på grunn av svakt syn måtte ho gje opp gravørfaget. Sidan fekk ho agenturet for forsikringsselskapet Norden på Helgeland, og vart slik landets første kvinnelege forsikringsagent. I Kristiania starta ho Kristiania Visergutkontori 1894. Ho var initativtakar til tidsskriftet Landets Kvinder, var æresmedlem i Norsk Kvindesagsforening og mottok Kongens fortenstmedalje i 1926.
Engasjementet hennar gjenspeglar seg i livsmottoet: «Er du halt er du lam, har du vilje kjem du fram». Ein minnestatue over henne er reist på Vår Frelsers gravlund. Fredrikke Olsen-Tønders legat vert i dag forvalta av Nordlændingernes Forening.
Ved Høgskolen i Nesna er skriftserien «Fredrikke» oppkalla etter henne.
Litteratur
endre- Astrid Tåvær, «Fredrikke Tønder Olsen - Høvedskvinnen fra Helgeland», i Årbok for Helgeland 1997