Freedom av Paul McCartney

Freedom
Singel av Paul McCartney
frå albumet Driving Rain
B-side

«From a Lover to a Friend»

Utgjeve 5. november 2001
Innspelt Quad Studios i New York (studioversjonen)
Sjanger Arena rock
Lengd 3:34
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent David Kahne
Paul McCartney-kronologi 
«From a Lover to a Friend»
(2001)
Freedom «Tropic Island Hum»
(2004)


«Freedom» er ein song skriven og spelt inn av Paul McCartney som svar til 11. september-åtaka i 2001. McCartney var på veg til New York City då åtaka skjedde og vart vitne til hendinga frå flysetet på eit fly som stod på bakken på John F. Kennedy Airport i New York City.[1]

Utgjeving

endre

Songen vart gjeven ut i to versjonar: ein singel, kalla studioversjonen (spelt inn i Quad Studios i New York), og ein på McCartney-albumet Driving Rain, kalla konsertversjoen. Eric Clapton spelar sologitar på begge versjonar medan turnébandet til McCartney spelar resten av instrumenta. Det vart òg lagt til ekstra lydspor frå studio til konsertversjonen. McCartney ønskte at amerikanarane skulle hjelpe medborgaran sine ved å kjøpe «Freedom», og donerte alle inntektene frå songen til offera etter 11. september. Han skreiv òg ut anonyme sjekkar til fleire skadde politifolk i New York for å hjelpe dei å bli friske att.

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Paul McCartney.

Nr.TittelLengd
1.«Freedom» (Studioalbum mix)3:34
2.«From a Lover to a Friend»3:49
3.«From a Lover to a Friend» (David Kahne remix 2)5:27
Total lengd:12:50

Medverkande

endre

Salslister

endre
Liste (2002) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] 61
Brasil (ABPD)[3] 75
Romania (Romanian Top 100)[4] 61
US Billboard Hot 100[5] 97

Kjelder

endre
  1. «Second McCartney song for New York». BBC News Online. 5. november 2001. Henta 26. mai 2018. 
  2. "Paul McCartney – Freedom – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  3. «Brazil» (PDF). ABPD. 6. oktober 2001. Arkivert frå originalen (PDF) 8. april 2016. Henta 26. mai 2018. 
  4. «Romanian Top 100». Arkivert frå originalen 26. juli 2009. 
  5. "McCartney?f=379&g=Singles Paul McCartney Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Paul McCartney. Prometheus Global Media. Henta 26. mai 2018.

Bakgrunnsstoff

endre