Opna hovudmenyen
Driving Rain
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 12. november 2001
Innspelt 16. februar – June 2001
Studio Henson Recording Studio i Los Angeles
Sjanger Rock
Lengd 67:21
Selskap Parlophone
Produsent David Kahne
Paul McCartney-kronologi
Wingspan: Hits and History
(2001)
Driving Rain Back in the U.S.
(2002)


Driving Rain er det 12. studioalbumet til Paul McCartney. Albumet vart spelt inn og kom ut i 2001.

BakgrunnEndra

McCartney ønskte å spele in Driving Rain på liknande måte som Run Devil Run. Utanom to songar, vart det spelt inn med David Kahne som produsent på berre to veker, med start i februar 2001. I studio tok McCartney med seg musikarane han hadde tenkt å bruke på den påfølgjande turneen. Biletet på plateomlaget vart teke med eit armbandsur med innebygd kamera frå Casio,[1] og ikkje eit Game Boy-kamera slik ein tidlegare trudde.

Musikk og tekstEndra

Driving Rain inneheld mange songar inspirert av og skrivne for Heather Mills[treng kjelde], som vart den andre kona til McCartney. «Back in the Sunshine Again» vart skriven av McCartney og sonen, James.[2] Den 11. september 2001 sat McCartney på eit fly i New York City då terroriståtaka skjedde og vart vitne til hendingane frå flysetet. Som ein reaksjon på tragedien skreiv han «Freedom» og organiserte i lag med Harvey Weinstein The Concert for New York City, eit massivt stjerneshow i Madison Square Garden den 20. oktober der «Freedom» vart framført.

Songen «About You» vart skriven for Mills, som takk for å hjelpen McCartney fekk med å takle sorga etter at den første kona hans, Linda McCartney, døydde.[3]

UtgjevingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic75/100[4]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [5]
The A.V. Club(middels)[6]
Blender     [7]
Dotmusic3.5/5[8]
Encyclopedia of Popular Music     [9]
entertainment.ie     
Entertainment WeeklyB[10]
NME6/10[11]
Q     [12]
Rolling Stone     [13]
Spin7/10[14]
Uncut     [15]

I november 2001 kom Driving Rain ut til sterke meldingar, men det selde overraskande dårleg, berre 66 000 eksemplar den første veka i USA.[16] Det kan ha kome av mangelen på ein hitsingel, og Driving Rain nådde 46. plassen i Storbritannia,[17] og vart det dårlegast selde albumet hans i heimlandet. I USA nådde albumet 26. plassen og selde til gullplate.

I april 2002 la McCartney ut på Driving World-turneen.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Paul McCartney, utanom «Spinning on an Axis» og «Back in the Sunshine Again» skrivne i lag med James McCartney

# Tittel Lengd
1. «Lonely Road»   3:16
2. «From a Lover to a Friend»   3:48
3. «She's Given Up Talking»   4:57
4. «Driving Rain»   3:26
5. «I Do»   2:56
6. «Tiny Bubble»   4:21
7. «Magic»   3:59
8. «Your Way»   2:55
9. «Spinning on an Axis»   5:16
10. «About You»   2:54
11. «Heather»   3:26
12. «Back in the Sunshine Again»   4:21
13. «Your Loving Flame»   3:43
14. «Riding into Jaipur»   4:08
15. «Rinse the Raindrops»   10:08
16. «Freedom» (studiomix) 3:34

Sidan «Freedom» vart lagt til Driving Rain i siste augneblink, står han ikkje oppført i plateomslaget og er dermed eit løynd spor. «Freedom» var eit konsertopptak frå The Concert for New York City med seinare studioopptak lagt til.

Eksklusivt bonusspor for iTunes
# Tittel Lengd
17. «From a Lover to a Friend» (David Kahne remix 2) 5:26

MedverkandeEndra

Medverkande per plateomslaget.[18]

Musikarar

Produksjon

  • David Leonardmiksing
  • David Kahne – produsent
  • Paul McCartney – leiande produsent
  • Mark Dearnley – lydteknikar
  • Jaime Sickora – assisterande lydteknikar
  • Kevin Mills – assisterande lydteknikar
  • Geoff Emerick, Paul Hicks – andre lydteknikarar
  • Mark Dearnley, David Kahne – miksing
  • Stephen Marcussen – mastering
  • Stewart Whitmore – digital redigering
  • Norman Hathaway med Micha Weidmann, Donat Raetzo – design
  • Paul McCartney, Heather Mills – fotografi

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (2001) Plassering
Den austerrikske albumlista[19] 31
Den kanadiske albumlista[20] 33
Den danske albumlista[21] 17
Den nederlandske albumlista[22] 76
Den franske SNEP-lista[23] 33
Den tyske Media Control-lista[24] 23
Den italienske albumlista[25] 17
Den japanske albumlista[26] 27
Norske VG-lista[27] 18
Den svenske albumlista[28] 19
Den sveitsiske albumlista[29] 62
UK Albums Chart[30] 46
US Billboard 200[31] 26

Salstrofé og salstalEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Nielsen SoundScan) 20 000[20]
Japan (Oricon Charts) 17 560[32]
Storbritannia (BPI)[33] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[34] Gull 399 000[35]
Oppsummering
Verda over 650 000[35]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. «Paul Interview». Arkivert frå originalen 15. januar 2012. 
  2. Clayson, Alan (2003). Paul McCartney. London: Sanctuary. s. 252. ISBN 9781860744822. 
  3. Vincent Perez Benitez, The Words and Music of Paul McCartney: The Solo Years 2010, s. 158: «Your Way hearkens back to the sound of McCartney's first two albums of the 1970s … He composed About You for Heather Mills, thanking her for helping him get over his grief regarding the death of his first wife, Linda Eastman.»
  4. «Critic reviews for Driving Rain». Metacritic. Henta 26. mai 2018. 
  5. Erlewine, Stephen Thomas. «Paul McCartney Driving Rain». AllMusic. Henta 26. mai 2018. 
  6. Phipps, Keith (February 2002). «Paul McCartney Driving Rain». The A.V. Club. Arkivert frå originalen 2002-03-06. Henta 26. mai 2018. 
  7. Du Noyer, Paul (December 2001/January 2002). «Paul McCartney Driving Rain». Blender. s. 119.
  8. Heath, Chris (14. november 2001). «Paul McCartney – 'Driving Rain' (Parlophone)». Dotmusic. Arkivert frå originalen 20. april 2002. Henta 26. mai 2018. 
  9. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  10. Willman, Chris (12. november 2001). «Mini Capsule Review: Driving Rain (2001)». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 31. mars 2007. Henta 26. mai 2018. 
  11. Segal, Victoria (20. november 2001). «Paul McCartney: Driving Rain». NME. Henta 26. mai 2018. 
  12. «Paul McCartney – Driving Rain CD Album». CD Universe/Muze. Henta 26. mai 2018. 
  13. Kot, Greg (30. oktober 2001). «Album Reviews: Paul McCartney Driving Rain». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. mai 2018. Henta 26. mai 2018. 
  14. Moon, Tom (January 2002). «Paul McCartney Driving Rain». Spin. s. 108. Henta 26. mai 2018. 
  15. MacDonald, Ian (January 2002). «Paul McCartney: Driving Rain (Parlophone)». Uncut.  Tilgjengeleg på Rock's Backpages (krev brukar).
  16. McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. Lanham, MD: Rowman & Littlefield. s. 157. ISBN 9780878333042. 
  17. «Driving Rain». JPGR. 2001. Henta 8. februar 2012. 
  18. Driving Rain (Booklet). Paul McCartney. MPL Communications / Hear Music. 2011 [2001]. 088807321779. 
  19. «Paul McCartney – Driving Rain – austriancharts.at». Arkivert frå originalen 6. november 2012. Henta 22. mai 2018. 
  20. 20,0 20,1 «CANOE -- JAM! - Paul McCartney set to tour this spring». canoe.ca. JAM! Showbiz. 30. januar 2002. Henta 22. mai 2018. 
  21. «danishcharts.com Paul McCartney – Driving Rain». danishcharts.com. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 22. mai 2018. 
  22. «dutchcharts.nl Paul McCartney – Driving Rain». dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 22. mai 2018. 
  23. «lescharts.com Paul McCartney – Driving Rain». lescharts.com. Henta 22. mai 2018. 
  24. «Album Search: Paul McCartney – Driving Rain» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 22. mai 2018. 
  25. «italiancharts.com Paul McCartney – Driving Rain». italiancharts.com. Arkivert frå originalen 21. oktober 2012. Henta 22. mai 2018. 
  26. «Highest position and charting weeks of Driving Rain by Paul McCartney ポール・マッカートニー-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» (på Japanese). oricon.co.jp. Henta 22. mai 2018. 
  27. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Driving Rain». Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 22. mai 2018. 
  28. «swedishcharts.com Paul McCartney – Driving Rain». Sverigetopplistan. Henta 22. mai 2018. 
  29. «Paul McCartney – Driving Rain – hitparade.ch». Arkivert frå originalen 12. november 2012. Henta 22. mai 2018. 
  30. «Paul McCartney > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 22. mai 2018. 
  31. Allmusic – Driving Rain > Charts & Awards > Billboard Albums
  32. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  33. «British album salstrofé – Paul McCartney – Driving Rain». British Phonographic Industry.  Enter Driving Rain in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  34. «American album salstrofé – Paul McCartney – Driving Rain». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  35. 35,0 35,1 «Paul McCartney's new album «Memory Almost Full» will be released June 5 in North America». Billboard. Arkivert frå originalen 26. september 2007. Henta 16. juni 2007.