Freudiana
Studioalbum av Eric Woolfson og Alan Parsons
Utgjeve 11. oktober 1990
Innspelt 1989-1990
Sjanger
Lengd 1:14:44
Selskap EMI
Produsent Alan Parsons
The Alan Parsons Project-kronologi 
Gaudi
(1987)
Freudiana The Sicilian Defence
(2014)


Freudiana er ein rockeopera av Eric Woolfson. Det skulle bli det ellevte albumet av The Alan Parsons Project, men under utviklinga vart Eric Woolfson og Alan Parsons usamde. Albumet nyttar mange av dei same medlemmane som spelte i bandet, og mange av dei same gjestevokalistane.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Alan Parsons byrja seinare på solokarrieren sin med albumet Try Anything Once i 1993, som musikalsk heldt fram retninga som dei hadde på albumet Gaudi i 1987.

Woolfson fekk ideen om musikalen då han undersøkte livet og arbeidet til Sigmund Freud etter han var ferdig med Gaudi. Omkring halvvegs i innspelinga vart Woolfson møtt av Brian Brolly om å utvikle konseptet til ein musikal. Med hjelp av Brolly gjorde Woolfson om Freudiana til ein scenemusikal. Musikalen vart ei suksess, men då det kom til søksmål mellom Brolly og Woolfson om kontrollen over prosjektet, vart musikalen stoppa. Til slutt vann Brolly saka, men albumet vart likevel tilskriven Eric Woolfson og Alan Parsons.

Albumet kom ut i to versjonar: «White Album» og «Black Album». I tillegg, medan «White Album» vart gjeven ut under artistnamnet «Freudiana» og ikkje Eric Woolfson, Alan Parsons eller The Alan Parsons Project, hadde dei første utgåvene namnet «The Alan Parsons Project».

«White Album» kom ut i 1990 på EMI Records. Det inneheld 18 spor med solovokal av Leo Sayer, Kiki Dee, Marti Webb, 10cc-vokalisten Eric Stewart, Frankie Howerd, Gary Howard og The Flying Pickets, i tillegg til dei tidlegare Project-vokalistane Chris Rainbow, John Miles, Graham Dye og Woolfson. Alan Parsons bidrog musikalsk til albumet og var både låtskrivar og produsent, som han hadde vore på alle Project-album.

Deutsche Originalaufnahme («den tyske originalinnspelinga»), òg kjend som «Black Album», vart spelt inn med rollebesetninga frå musikalen og inneheld materiale frå rockeoperaen. Denne varianten var det første albumet som berre var tilskriven Eric Woolfson som soloartist. Woolfson fortsette sidan å lage fleire musikalar.

Innhald («White Album») endre

Alle songar av Eric Woolfson, utanom der andre er nemnde

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«The Nirvana Principle» Instrumental3:44
2.«Freudiana» Eric Woolfson6:20
3.«I Am a Mirror» Leo Sayer4:06
4.«Little Hans»  3:15
5.«Dora» Graham Dye (korvokal: Chris Rainbow)3:51
6.«Funny You Should Say That» Eric Woolfson4:36
7.«You're on Your Own» The Flying Pickets3:54
8.«Far Away from Home» The Flying Pickets3:11
9.«Let Yourself Go» Eric Woolfson5:26
10.«Beyond the Pleasure Principle»Alan ParsonsInstrumental3:13
11.«The Ring» Eric Stewart4:22
12.«Sects Therapy» Frankie Howerd3:40
13.«No One Can Love You Better Than Me» Kiki Dee, Marti Webb, Gary Howard og Eric Woolfson5:40
14.«Don't Let the Moment Pass» Marti Webb3:40
15.«Upper Me» Eric Stewart5:16
16.«Freudiana» Instrumental3:43
17.«Destiny» Chris Rainbow0:51
18.«There But for the Grace of God» John Miles og Marti Webb5:56

Medverkande endre

Musikalversjon endre

Freudiana - Deutsche Originalaufnahme
Studioalbum av Freudiana
Utgjeve 1991
Sjanger Rock
Lengd 1:07:47
Selskap EMI
Produsent Herwig Ursin

Freudiana hadde premiere i Theater an der Wien i Wien i Austerrike den 19. desember 1990. Han var produsert av Vereinigte Bühnen Wien. Fra til 18. april 1992 vart det halde 380 framføringar føre 320 000 menneske.

Sceneregissøren var Peter Weck. Dei tyske songtekstane var av Lida Winiewicz. Erik vart spelt av Ulrich Tukur.

Innhald («Black Album») endre

Nr.TittelLengd
1.«Freudiana»3:07
2.«Kleiner Hans»3:08
3.«Ich bin dein Spiegel»4:00
4.«Es ist durchaus nicht erwiesen»4:42
5.«Dora»3:55
6.«Du bist allein»4:24
7.«Ausgestossen»3:58
8.«Doctor Charcot»4:54
9.«Frau Schmetterling»4:11
10.«Der Ring»3:06
11.«Vision Dora»3:00
12.«Nie war das Glück so nah»3:20
13.«U-Bahn»3:45
14.«Wer ging den Weg»5:04
15.«Oedipus - Terzett»6:25
16.«Chorus»0:58
17.«Freudiana»4:58

Kjelder endre

  1. Alex S. Garcia. «Freudiana - Freudiana | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 4. april 2020.