Gaudi av Alan Parsons Project
Gaudi Studioalbum av The Alan Parsons Project | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1987 | |
Innspelt | Oktober 1985 – august 1986 The Grange Mayfair Studios | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:47 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | Alan Parsons, Eric Woolfson | |
The Alan Parsons Project-kronologi | ||
---|---|---|
Stereotomy (1985) |
Gaudi | Freudiana (1990)
|
Gaudi er det tiande studioalbumet av The Alan Parsons Project, gjeve ut i 1987. Gaudi syner til Antoni Gaudí,[3] den katalanske arkitekten som laga den kjende bygningen som opningssporet refererer til, Sagrada Família.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
I den siste endringa i kjernen av medlemmar i Alan Parson Project, erstatta broren til saksofonisten og klaverspelaren Richard Cottle, Laurie, David Paton på bass. Albumet vart spelt inn i The Grange i Norfolk og Mayfair Studios i London.
Dette var det siste, ekte studioalbumet til Alan Parsons Project, og siste gongen vokalisten Lenny Zakatek song på eit Parsons-album. Sjølv om albumet The Sicilian Defence kom ut i 2014, var det opphavleg spelt inn i 1979 og aldri meint å bli høyrt av publikum.
Under låtskrivinga for det som skulle bli oppfølgjaren, gjorde Eric Woolfson det om til ein rockeopera, og gav det sidan ut som Freudiana i 1990. Alan Parsons heldt fram som soloartist i 1993 med Try Anything Once, eit album som fullførte den musikalske evolusjonen som starta med dette albumet.
Ein musikal av Eric Woolfson med same namn er basert på songar frå dette albumet og vart sett opp i 1993 i Tyskland med songar sungne på engelsk.
Songane «Closer to Heaven» og «Money Talks» vart nytta i ein episode av tredje sesongen av TV-serien Miami Vice, medan «Paseo de Gracia» var i ein episode av femte sesongen.
Innhald
endreAlle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «La Sagrada Familia» | John Miles | 8:46 |
2. | «Too Late» | Lenny Zakatek | 4:31 |
3. | «Closer to Heaven» | Eric Woolfson | 5:52 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
4. | «Standing on Higher Ground» | Geoff Barradale | 5:03 |
5. | «Money Talks» | John Miles | 4:26 |
6. | «Inside Looking Out» | Eric Woolfson | 6:22 |
7. | «Paseo de Gracia» | Instrumental | 3:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Too Late» (guidevokal av Woolfson) | 4:11 |
9. | «Standing on Higher Ground/Losing Proposition» (vokaleksperiment) | 3:56 |
10. | «Money Talks» (overdubbing av Chris Rainbow med perkusjon) | 0:35 |
11. | «Money Talks» (uferdig miks) | 4:26 |
12. | «Closer to Heaven» (overdubb med saksofon og Chris Rainbow) | 0:47 |
13. | «Paseo de Gracia» (uferdig miks) | 3:44 |
14. | «La Sagrada Familia» (uferdig miks) | 7:25 |
Medverkande
endre- Eric Woolfson – piano, klaverinstrument, vokal
- Alan Parsons – synthesizer, programmering, produsent, lydteknikar
- Ian Bairnson – gitar
- Laurie Cottle – bass
- Stuart Elliott – trommer, perkusjon
- Richard Cottle – synthesizer, saksofon
- John Miles, Lenny Zakatek, Geoff Barradale, Chris Rainbow - vokal
- Andrew Powell – orkesterarrangement
- John Heley – cello på «La Sagrada Familia»
- David Cripp – blåsardirigent på «La Sagrada Familia» og «Paseo de Gracia»
- Bob Howes – dirigent for The English Chorale, pauker på «La Sagrada Familia» og «Paseo de Gracia»
Salslister
endreAlbum
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1987 | Billboard 200 | 57 |
1987 | UK Albums Chart | 66 |
1987 | Canada | 53 |
1987 | Noreg | 8 |
1987 | Spania (AFYVE) | 1 |
Singlar
endreTittel | Liste (1987) | Plassering |
---|---|---|
«Standing on Higher Ground» | US Mainstream Rock Tracks | 3 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Spania(PROMUSICAE)[4] | Gull | 50 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gaudi (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ DeGagne, Mike. Gaudi av Alan Parsons Project på Allmusic
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 14. mars 2011, henta 4. april 2020
- ↑ The album refers to Antonio, rather than Antoni. The Alan Parsons Project Gaudi, The Avenue, 1997.
- ↑ «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392.