Fridomspartiet mot EF-Unionen

Fridomspartiet mot EF-unionen (Frihetspartiet mot EF-unionen eller Frihetspartiet) var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 1993, og ein av forløparane for Kystpartiet. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinamn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinamnet til andre småparti som låg brakk, og så endra namnet.[1] Soleis tok nye krefter leia av Harald B. Haram, mangeårig fylkespolitikar i Møre og Romsdal for Sunnmørslista, i 1992 over det gamle småpartiet Frie Folkevalde og endra året etter namnet til Frihetspartiet mot EF-unionen. I 1993 stilte partiet til stortingsval i seks fylke: Aust-Agder, Buskerud, Hedmark, Møre og Romsdal, Oppland og Oslo. Til saman fekk det 774 røyster, eller 0,03 % av røystene ved dette valet. Året etter skifta det namn til Frihetspartiet.

Før stortingsvalet 1997 var Haram sitt parti ei av grupperingane som fann saman med Steinar Bastesen i Nordland og stilte til val som Tverrpolitisk Folkevalde, som fekk Bastesen vald inn på Stortinget. Men då Bastesen og hans støttespelarar stifta Kystpartiet var den gamle krinsen frå Fridomspartiet stort sett ute av biletet igjen, dei skifta istaden namn endå ein gong, til Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti, som stilte til val under dette namnet i 2001.[2]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra