Kystpartiet

norsk politisk parti
(Omdirigert frå Tverrpolitisk Folkevalgte)

Kystpartiet er eit verdikonservativt sentrumsparti. Partiet vart formelt skipa den 1. februar 1999 under leiing av Steinar Bastesen. Han hadde då, sidan stortingsvalet i 1997 sete på Stortinget for Tverrpolitisk Folkevalgte, som var ein laust organisert forgjengar for Kystpartiet. Bastesen vart attvald i 2001, men partiet fekk ikkje inn nokon stortingsrepresentantar i 2005. Roy Waage følgde Steinar Bastesen som partileiar etter sterk kritikk innad i partiet.

Kystpartiet
Coastal campaign booth 2007.JPG
Kystpartiet logo.png
Logo
IdeologiVerdikonservatisme Nasjonalkonservatisme
Oppretta1999
Farge    Grøn
PartileiarAnn-Birgith Bårdsen Wærnes
Kommunestyre-
representantar
1
Nettstadwww.kystpartiet.no

Kystpartiet vart tufta på grunnlag av misnøye med måten Stortinget handlar med EU på.

Kystpartiet mista ordføraren (Thor Tøllefsen) i Karlsøy ved valet i 2007. Tøllefsen var òg partiet sin førstekandidat under stortingsvalet 2005. Paul Rånes var frå 2003 til 2007 ordførar for Kystpartiet i Røst. Roy Waage var ordførar for Kystpartiet i Skjervøy fra 2004-2011, etter at han og dei fleste i kommunestyregruppa til Kristeleg Folkeparti melde overgang til Kystpartiet.

StortingsvalshistorikkEndra

Årstal Antal røyster Prosent av røystene
2001 44 010 1,7 %
2005 21 948 0,8 %
2009 5 341 0,2 %
2013 3 311 0,1 %
2017 2 466 0,1 %
2021 171 0,006 %

Kystpartiet har hovudvekta av støtta si i Nordland og Troms. Ved stortingsvalet 2001 fekk partiet 14 042 stemmer, eller 10,9 %, i Nordland, noko som innebar eitt mandat på tinget. 8 124 stemmer, eller 10,0 % i Troms same året var akkurat for lite. Ved stortingsvalet 2005 gjekk partiet kraftig tilbake i Nordland og fekk berre 4 155 stemmer, eller 3,1 %. Partiet mista derfor mandatet sitt. Sjølv om tilbakegangen var mindre i Troms, 7 218 stemmer, eller 8,6%, heldt det heller ikkje denne gongen til mandat frå fylket.

Partiet i kommunar og fylkestingEndra

Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 2,0 % av røystene i Nordland, 3,5 % i Troms - om lag 0,4 % på riksplan.

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.