Friedrich Wilhelm Bessel
Friedrich Wilhelm Bessel (22. juli 1784–17. mars 1846) var ein tysk astronom og matematikar.
Han var professor i Königsberg frå 1810, og grunnla 1811–1813 Königsberg observatorium. Han publiserte i 1818 ein katalog, Fundamenta astronomiae, over reduserte posisjonar av 3222 stjerner, basert på Bradley sine observasjonar frå 1727–1747. Katalogen har vore viktig for undersøking av eigenrørsla til stjernene. Eldre stjernekatalogar inneheld berre råmaterialet av observasjonane og er derfor ikkje direkte brukbare til dette. Bessel føretok frå 1821 til 1833 over 76 000 nøyaktige observasjonar av stjerneposisjonar og samla ein katalog som gav koordinatene for 63 000 stjerner. Han utførte i 1838 den første pålitelege målinga av parallaksen til ei stjerne (61 Cygni), og føresåg i 1844 ut frå periodiske forandringar i eigenrørsla for Sirius og Procyon at desse stjernene hadde usynlege følgjarar (observert første gang i høvesvis 1862 og 1892). Bessel utførte store arbeid innafor geodesi og geofysikk, og var òg ein dugande teoretikar. Han løyste i 1824 «Kepler-problemet» ved bruk av sylinderfunksjonar. Etter han er desse kalla besselske funksjonar eller Bessel-funksjonar.
-
Tabulae Regiomontanae reductionum observationum astronomicarum ab anno 1750 usque ad annum 1850 computatae, 1830
Kjelder
endre- «Friedrich Wilhelm Bessel», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014