Ulriken er det høgste av dei sju fjella kring Bergen sentrum, og er 643 moh. Men høgste punktet på fjellområdet er ved Haugevarden, 670 meter over havnivået. På Ulriken er det bygd mast for kringkasting og for telekommunikasjon. Det finst òg restaurant på toppen. Gondolbana Ulriksbanen gjev enkel tilkomst og går opp til ein stasjon 607 moh.

Ulriken
Ulriken sett frå Bergen sentrum
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Høgd 643 moh.
Koordinatar 60°22′38.54″N 5°21′51.72″E
Lettast tilkomst Ulriksbanen
Kart
Ulriken
60°22′39″ N 5°23′13″ E
Wikimedia Commons: Ulriken
Ulriken sett frå Fana seint på natta, like før soloppgang.

Elles går det turstiar opp mot fjellet og innover i eit slakare turterreng, som vert kalla «vidden». Ein av dei fyrste fotturane til Ulriken skal ha vorte føreteke i 1853 av ei gruppe bergensarar. Med i gruppa var mellom anna teaterinstruktør Henrik Ibsen. Ved det høvet skreiv han songen «Vi vandrer med freidig mot».

Ulriken er kjend frå Bergen sin bysong, som offisielt heiter Sang til Bergen, men som har undertittelen «Udsigter fra Ulrikken». Etter første strofen går han på folkemunne under namnet «Jeg tok min nystemte», eller «Nystemten». Songen vart skriven av biskop Johan Nordahl Brun til ein festleg samankomst i 1791. Det er uvisst om Brun nokon gong var på Ulriken, men han skal ha gått på ski i Byfjella og til toppen av Lyderhorn.

Gjennom Ulriken går ein 7660 meter lang jernbanetunnel mellom Bergen og Arna stasjon. Ulrikentunnelen var under arbeid frå 1959 til 1964, og opna for ei forkorting av Bergensbana.

Ulriken er eit populært turterreng, og Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur går over Ulriken. Det er då det fjerde fjellet ein går over etter Lyderhorn, Damsgårdsfjellet og Løvstakken. Turen går vidare til Fløyfjellet, Rundemanen og til slutt Sandviksfjellet.

Bakgrunnsstoff endre