Transjoik
Transjoik er ei norsk musikkgruppe innan jazz og samisk musikk skipa i Trondheim i 1992. Musikkstilen til gruppa blir ofte karakterisert som ambient electronica, techno og trance, men bruker òg noko joik, slik at han kan kallast world music. Det fyrste namnet til gruppa var Frode Fjellheim Jazzjoik Ensemble.[1]
Transjoik | |||
Tidlegare namn | Frode Fjellheim Jazzjoik Ensemble | ||
---|---|---|---|
Opphav | Trondheim | ||
Sjanger | Jazz, electronica, progressiv rock, verdsmusikk | ||
Medlemmer | Frode Fjellheim Nils-Olav Johansen Tor Haugerud Snorre Bjerck |
Transjoik er ein kvartett med keyboardisten og den opphavlege initiativtakaren Frode Fjellheim som frontfigur, saman med to perkusjonistar og ein gitarist. Gruppa har opptredd på Montreal International Jazz Festival, Water Festival, Stockholm, Rouen-festivalen i Frankrike og The Knitting Factory i New York.[2]
Bandmedlemmer
endre- Frode Fjellheim – keyboard
- Nils-Olav Johansen – gitar
- Tor Haugerud – perkusjon
- Snorre Bjerck – perkusjon
Prisar og utmerkingar
endre- Liet Ynternasjonaal i Nederland, for låten Mijjajaa (2003) [3]
Utgjevingar
endre- Saajve Dance (Iđut 1994)
- Mahkalahke (Warner Bros. 1997)
- Meavraa (Warner Bros. 2000)
- Uja Nami (Vuelie 2004), nominert til Spellemannsprisen
- Bewafá med vokalar av Sher Mianfad Khan frå Pakistan (Vuelie, 2005)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Transjoik» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2022.