From the Mars Hotel

From the Mars Hotel
Studioalbum av Grateful Dead
Språk engelsk
Utgjeve 27. juni 1974
Innspelt 30. mars til 19. april 1974
Studio CBS Studios i San Francisco
Sjanger
Lengd 37:26
Selskap Grateful Dead
Produsent Grateful Dead
Grateful Dead-kronologi 
Skeletons from the Closet: The Best of Grateful Dead
(1974)
From the Mars Hotel Blues for Allah
(1975)


From the Mars Hotel er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Grateful Dead. Det vart hovudsakleg spelt inn i april 1974 og gjeve ut 27. juni 1974. Det var det andre albumet dei gav ut på sitt eige Grateful Dead Records. From the Mars Hotel kom ut mindre enn eitt år etter det førre albumet, Wake of the Flood, og var det siste før bandet tok ein lengre pause frå turneringa frå og med oktober 1974.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB–[2]
Rolling Stone3/5 stars[3]

Innspeling endre

Grateful Dead gjekk i studio i slutten av mars 1974 med ei rekkje songar som var klare til å spelast inn. Dei fleste var igjen skrivne av sologitaristen Jerry Garcia og tekstforfattaren Robert Hunter med Garcia på solovokal. «Pride of Cucamonga» og «Unbroken Chain» var begge skrivne og sungne av bassisten Phil Lesh med hjelp av diktaren Bobby Petersen. Dette var den einaste gongen han song to songar på eit Dead-album, og var siste songen han song solo på før 1985. Rytmegitaristen Bob Weir bidrog med «Money Money» med låtskrivarpartnaren John Perry Barlow.

Bandet valde studioet Coast Recorders i Folsom Street i San Francisco, der dei hadde spelt inn «The Golden Road (To Unlimited Devotion)» som singel for det første albumet deira i 1967. Studioet hadde sidan blitt kjøpt av CBS Studios og pussa opp. Dei produserte albumet sjølv med lydteknikaren Roy Segal. I følgje Segal likte Garcia rommet fordi det hadde ein meir «live»-aktig lyd enn Record Plant, der bandet hadde spelt inn det førre albumet sitt. Garcia hadde spelt i CBS Studios tidlegare på året med Art Garfunkel under innspelinga av Angel Clare.[5]

Mange av songane til Garcia og Hunter var blitt spelte på konsertane til bandet i opp til eitt år før. «U.S. Blues» hadde byrja som «Wave That Flag» i februar 1973 før han vart droppa og kraftig omskriven. «Scarlet Begonias» hadde berre blitt introdusert i månaden før dei spelte han inn. Weir sin «Money Money» vart arrangert i studioet. Ein separat versjon av «China Doll» (òg introdusert i februar 1973) vart spelt inn for det førre albumet, Wake of the Flood, men ikkje nytta då. Lesh hadde spelt inn demoversjonar av dei to songane sine under innspelinga av det albumet. Sjølv om Garcia hadde spelt pedalsteelgitar for bandet, vart John McFee (frå Clover) henta inn som gjesteartist på instrumentet for «Pride of Cucamonga». Den elektroniske komponisten Ned Lagin (som ofte spelte med bandet på konsertane deira mellom 1970 og 1975) spelte synthesizer på «Unbroken Chain».

Som tidlegare følte bandet seg kvelt av avgrensingane i studioet. Seinare sa trommeslagaren Bill Kreutzmann om innspelingane: «Studioet kjendest uttenkt. Det kunne ikkje tilby oss fridomen me hadde når me spelte live, heller ikkje tilfredsstillinga.»[6]

Medan dei spelte inn albumet testa Grateful Dead eit massivt høgtalaranlegg kalla The Wall of Sound. Ein testkonsert av lydssystemet frå den tida vart gjeven ut på konsertalbumet Dick's Picks Volume 24.

Utgjeving endre

Plateomslaget vart skapt av Kelley/Mouse, som tidlegare hadde laga omslaga deira for American Beauty, Grateful Dead og Europe '72. Framsida syner ein ekte bygning frå San Francisco, sett inn i eit utanomjordisk landskap.[7] Det verkelege Mars Hotel var blitt brukt i musikkvideoen til David Bowie for «The Jean Genie».[8][9][10]

Arbeidstittelen for albumet var «Ugly Roomers».[11]

Ei redigert utgåve av «U.S. Blues» vart gjeven ut på singel (med «Loose Lucy»).

Fire av songane på albumet vart spelt mykje på konsertane til bandet.

Då plateselskapet deira kollapsa og dei drog til Arista Records, var albumet i mange år ikkje mogeleg å få tak i. Albumet kom først ut på CD i 1985 og igjen i 1989.[12] Det vart ommastrra og utvida som ein del av plateboksen Beyond Description (1973–1989) i 2004. Denne versjonen vart gjeven ut separat av Rhino Records i 2006.

Innhald endre

Alle songane er skrivne av Jerry Garcia og Robert Hunter, med solovokal av Jerry Garcia, utanom der anna er nemnd.

Side ein
Nr.TittelSolosongarLengd
1.«U.S. Blues» 4:37
2.«China Doll» 4:09
3.«Unbroken Chain» (Phil Lesh og Robert Petersen)Phil Lesh6:45
4.«Loose Lucy» 3:23
Side to
Nr.TittelSolosongarLengd
5.«Scarlet Begonias» 4:19
6.«Pride of Cucamonga» (Lesh og Petersen)Phil Lesh4:16
7.«Money Money» (Bob Weir og John Perry Barlow)Bob Weir4:21
8.«Ship of Fools» 5:22
Bonusspor på 2004/2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Loose Lucy» (altenativ opptak spelt inn 7. august 1973) 4:43
10.«Scarlet Begonias» (live frå Winterland i San Francisco 16. oktober 1974) 9:09
11.«Money Money» (live frå PNE Coliseum i Vancouver i British Columbia, 17. mai 1974)
  • Weir
  • Barlow
4:19
12.«Wave That Flag» (live frå Springfield Civic Center i Springfield i Massachusetts, 28. mars 1973) 5:34
13.«Let It Rock» (live frå Jai-Alai Fronton i Miami i Florida, 23. juni 1974)Chuck Berry3:22
14.«Pride of Cucamonga» (akustisk demo spelt inn 4. august 1973)
  • Lesh
  • Petersen
4:24
15.«Unbroken Chain» (akustisk demo spelt inn 11. august 1973)
  • Lesh
  • Petersen
6:20

Medverkande endre

Grateful Dead

Andre medverkande

Teknisk

  • Phil Brown – mastering
  • Mary Ann Mayer – illustrations, creation

Salslister endre

Billboard

År Liste Plassering
1974 Pop Albums 16[13]

Kjelder endre

  1. Iyengar, Vik. «From the Mars Hotel». AllMusic. Henta 3. juni 2019. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. juni 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. The Grateful Dead Album Guide Arkivert 2013-12-28 ved Wayback Machine., Rolling Stone
  4. «Grateful Dead Discography». DeadDisc. Henta 5. juni 2019. 
  5. Jackson, Blair (2006). Grateful Dead Gear. San Francisco, CA: Backbeat Books. s. 144. ISBN 0879308931. 
  6. Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 12. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  7. Morgan, Bill (1. mai 2003). «The Beat Generation in San Francisco: A Literary Tour». City Lights Books. Henta 14. november 2016 – via Google Books. 
  8. Selvin, Joel (1. april 1996). «San Francisco: The Musical History Tour: A Guide to Over 200 of the Bay Area's Most Memorable Music Sites». Chronicle Books. Henta 14. november 2016 – via Google Books. 
  9. David Bowie & Mick Rock (2005). Moonage Daydream: s.140-146
  10. Gordinier, Jeff (31. mai 2002), «Loving the Aliens», Entertainment Weekly, no. 656, s. 26–34 
  11. Kreutzmann, Bill; Eisen, Benjy (2015). Deal: My Three Decades of Drumming, Dreams, and Drugs with the Grateful Dead. New York: St. Martin's Press. s. 193. ISBN 978-1-250-03379-6. 
  12. «Grateful Dead From The Mars Hotel». Henta 14. februar 2010. 
  13. «Artist Search for «grateful dead»». allmusic.com. Henta 14. november 2016.