John McFee (fødd 9. september 1950) er ein amerikansk songar, låtskrivar, gitarist, plateprodusent og multi-instrumentalist, og i mange år medldem av The Doobie Brothers.

John McFee

Fødd9. september 1950 (74 år)
FødestadSanta Cruz i California
OpphavUSA
AktivSidan 1966
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • pedalsteel
  • dobro
  • banjo
  • mandolin
  • fiolin
  • cello
  • munnspel
  • vokal
Tilknytte artistar
Verka som

Før han vart medlem av Doobie Brothers spelte han mellom anna pedalsteelgitarVan Morrison-albuma Tupelo Honey og Saint Dominic's Preview og med mange andre artistar, som Steve Miller på albumet Fly Like An Eagle, Grateful DeadFrom the Mars Hotel, og Boz Scaggs, Emmylou Harris, Link Wray, Rick James, Janis Ian, Ricky Skaggs, The Brothers Four, Nick Lowe, Wanda Jackson, Bill Wyman frå The Rolling Stones, Crystal Gayle, Mike Bloomfield, John Michael Montgomery, The Beach Boys, Norton Buffalo, Twiggy, Eikichi Yazawa, Chicago og The Kendalls.

McFee spelte òg i mange år med Huey Lewis i gruppa Clover og på Huey Lewis and the News-albuma Sports og Hard at Play. McFee spelte òg med Glen Campbell på albumet Meet Glen Campbell.

McFee har spelt på fleire Elvis Costello-album, som My Aim is True;[1] der han spelte sologitar på «Alison».

Tidleg i 1979 vart han medlem av The Doobie Brothers, der han erstatta Jeff Baxter. Då Doobie Brothers vart oppløyst seint i 1982, skipa han og Keith Knudsen countryrockgruppa Southern Pacific.

Diskografi

endre

Med The Doobie Brothers

endre

Med andre

endre

Kjelder

endre
  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 357. CN 5585. 

Bakgrunnsstoff

endre