Urgermansk
Urgermansk eller frumgermansk er urspråket som blir rekna for å vera opphavet åt dei germanske språka, mellom anna islandsk, norsk, svensk, dansk, jiddisch, tysk, skotsk, engelsk, nederlandsk, afrikaans og frisisk.
Det urgermanske språket delte seg i tre språkgreiner, dei austgermanske, dei nordgermanske og dei vestgermanske språka. Dei austgermanske språka er utdøydd, det mest kjende av dei er gotisk.
Den nordgermanske greina, urnordisk, delte seg i vestnordisk (gammalnorsk og islandsk) og austnordisk (svensk og dansk). I seinmellomalderen førte lågtysk språkpåverknad i til at norsk utvikla seg parallelt med dansk og svensk. Den vestgermanske greina har ein austleg (tysk, nederlandsk) og ein vestleg (engelsk, frisisk) del.
Den klassiske innføringa i germansk språkvitskap er Krahe og Meid 1969, ei nyare framstillinger Voyles 1992.
Lydendringar i overgangen frå førgermansk til urgermansk
endreDette oversynet systematiserer lydendringar presentert i faglitteraturen.
Grimms lov: Ein kjedereaksjon på tre sett av klusilar.
- Ustemte klusilar blir frikativar viss dei ikkje kjem etter ein annan obstruent.
- /p/ > /ɸ/ (f) — *ph₂tḗr "father" > *fəþḗr > *fadēr
- /t/ > /θ/ (þ) — *tód "det" > *þód > *þat
- /k/ > /x/ (h) — *kátus "kamp" > *háþus > *haþuz; *h₂eǵs- "aksel" > (ustemt) *aks- > *ahs- > *ahsō
- /kʷ/ > /xʷ/ (hw) — *kʷód "what" > *hʷód > *hwat
- Sekvensane /sp/, /st/, /sk/ og /skʷ/ er som før.
- Stemte klusilar blir ustemt:
- /b/ > /p/ — *h₂ébōl "eple" > *ápōl > *aplaz
- /d/ > /t/ — *h₁dóntm̥ "tann, akk." > *tónþum > *tanþų; *kʷód "kva" > *hʷód > *hwat
- /g/ > /k/ — *wérǵom "arbeid" > *wérgom > *wérkom > *werką
- /gʷ/ > /kʷ/ — *gʷémeti "trø 3sg." > *kʷémeþi > *kwimidi "kome 3sg."
- Aspirerte klusilar blir stemte klusilar eller frikativar (sjå nedanfor):
- /bʰ/ > /b/ ([b,β]) — *bʰéreti "bere 3Sg." > *béreþi > *biridi
- /dʰ/ > /d/ ([d,ð]) — *dʰóh₁mos "dom" > *dṓmos > *dōmaz "dom"
- /gʰ/ > /g/ ([g,ɣ]) — *gʰáns "gås" > *gáns > *gans
- /gʷʰ/ > /gʷ/ ([gʷ,ɣʷ]) — *sóngʷʰos "song" > *sóngʷos > *sangwaz "song"
Verners lov: ustemte frikativar blir stemt viss dei kjem etter ei trykklett staving:
- /ɸ/ > [β] — *upéri "over" > *uféri > *ubéri > *ubiri
- /θ/ > [ð] — *tewtéh₂ "tribe" > *þewþā́ > *þewdā́ > *þeudō
- /x/ > [ɣ] — *h₂yuHn̥ḱós "young" > *yunkós > *yunhós > *yungós > *jungaz (with -z by analogy)
- /xʷ/ > [ɣʷ] — *kʷekʷléh₂ "wheels (collective)" > *hʷehʷlā́ > *hʷegʷlā́ > *hweulō
- /s/ > [z] — *h₁régʷeses "of darkness" > *rékʷeses > *rékʷezez > *rikwiziz; *kʷékʷlos "wheel" > *hʷéhʷlos > *hʷéhʷloz > *hwehwlaz
- Dette gjeld også ein del ord som som regel var trykklett — *h₁ésmi, trykklett *h₁esmi "eg er" > *esmi > *ezmi > *immi; *h₁sénti, trykksvak *h₁senti "dei er" > *senþi > *sendi > *sindi (dei trykksterke variantane, som ville ha vore *ismi og *sinþi, er tapt)
Trykk blir flytta til første staving. Det kontrastive trykket i urindoeuropeisk forsvinn, og Verners lov blir fonematisert.
Assimilering av sonorantar:
- /nw/ > /nn/ — *ténh₂us "tynn" ~ fem. *tn̥h₂éwih₂ > *tn̥h₂ús ~ *tn̥h₂wíh₂ > *þunus ~ *þunwī > *þunus ~ *þunnī > *þunnuz ~ *þunnī
- /ln/ > /ll/ — *pl̥h₁nós "full" > *fulnos > *fullos > *fullaz. Denne utviklinga er seinare enn kontakt med samiske språk, jf. lånordet *pulna > ursamisk *polnē "ås".[1]
- /zm/ > /mm/ — *h₁esmi "I am, unstr." > *ezmi > *emmi > *immi
Trykksvak /ew/ > /ow/ før konsonant eller ordfinalt — *-ews "u-stamme gen. sg." > *-owz > *-auz
Trykksvak /e/ > /i/, men ikkje før /r/ — *-éteh₂ "abstrakt substantivsuffiks" > *-eþā > *-iþā > *-iþō
- Trykksvak /ej/ blir drege saman til /iː/ — *-éys "i-stem gen. sg." > *-iys > *-īs > *-īz (med -z via analogi)
- /e/ før /r/ blir seinare /ɑ/ bmen ikkje før etter i-omlyden.
Trykksvak /ji/ > /i/ — *légʰyeti "Ho ligg" ~ *légʰyonti "dei ligg" > *legyidi ~ *legyondi > *legidi ~ *legyondi > *ligiþi ~ *ligjanþi (med -þ- via analogi)
- Prosessn resulterer i ein diftong frå ein ein opphavleg sekvens av to stavingar — *-oyend "tematisk optativ 3pl" > *-oyint > *-oint > *-ain; *áyeri "om morgonen" > *ayiri > *airi "tidleg"; *tréyes "tre" > *þreyiz > *þreiz > *þrīz
- Sekvensen /iji/ blir til /iː/ — *gʰósteyes "framande, nom. pl." > *gostiyiz > *gostīz > *gastīz "gjestar"
Samanfall av ikkje-høge bakre vokalar:
- /o/, /a/ > /ɑ/ — *gʰóstis "framand" > *gostiz > *gastiz "gjest"; *kápros "bukk" > *hafraz
- /oː/, /aː/ > /ɑː/ — *dʰóh₁mos "ting" > *dōmoz > *dāmaz > *dōmaz "judgement"; *swéh₂dus "søt" > *swātuz > *swōtuz
- /oːː/, /aːː/ > /ɑːː/ (â) — *séh₁mō "såkorn" > *sēmô > *sēmâ > *sēmô; *-eh₂es "eh₂-stem nom. pl." > *-âz > *-ôz
Kjelder
endre- ↑ Aikio, Ante (2006). «On Germanic-Saami contacts and Saami prehistory». Suomalais-Ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 91: 9–55.
Litteratur
endre- Krahe, Hans and Meid, Wolfgang (1969): Germanische Sprachwissenschaft, 3 bind. Berlin: de Gruyter.
- Lehmann, W. P. (1961): A Definition of Proto-Germanic, Language 37, 67ff.
- Joseph B. Voyles (1992): Early Germanic Grammar. London: Academic Press. ISBN 0-12-728270-X.