Verners lov, formulert av Karl Verner i 1875, skildrar ei historisk lydforskyving i urgermansk: Når dei ustemde konsonantane f, þ, s og χ kom rett etter ei trykksvak staving i same ord, vart dei til dei tilsvarande stemde konsonantane b, d, z og g.

Sjølve lova endre

Grimms lov (om overgang frå lukkelydar til frikativar i germansk) vart formulert, vart det observert ei merkeleg uregelmessigheit. Dei indoeuropeiske ustemde lukkelydane p, t og k skulle etter Grimms lov ha vorte til urgermansk f, þ (dental frikativ) og χ (velar frikativ). Det viste seg likevel at det var ei lang rekkje ord, der latin, gresk, sanskrit, baltisk og slavisk garanterte indoeuropeisk p, t eller k, men dei germanske språka likevel hadde ein stemd frikativ (b, đ eller g).

Karl Verner observerte at dei tilsynelatande uventa stemde frikativane berre fanst der dei ikkje stod i byrjinga av ordet, og der vokalen føre dei var trykklett i indoeuropeisk. Dette er altså Verners lov:

Indoeuropeisk p, t, k, s, som regelmessig skulle utvikla seg til ustemd f, þ, k, s, vert i staden til stemd b, d, g, z viss den føregåande vokalen ikkje var trykksterk i indoeuropeisk.

Døme endre

Leksikalske døme endre

  • p > b: t.d. gresk hypér (ὑπέρ), sanskrit upári = tysk über, gresk heptá (ἑπτά), sanskrit saptá = gotisk sibun, tysk sieben.
  • t > d: t.d. gresk patér (πατήρ), sanskrit pitár- = gotisk fadar, tysk Vater (med regelmessig d > t) mot gresk phrátor (φράτωρ), vedisk bhrā́tek- = gotisk brōþar, ty. Bruder (med regelmessig þ > d).
  • k > g: t.d. gresk makrós (μακρός) ‘lang’ = tysk, norsk mager mot gresk dákry (δάκρυ) ‘tåre’ = norsk tåre, tysk Zähre, eng. tear.
  • s > z: t.d. sanskrit áyas ‘metall’ (jf. latin aes ‘kopar’) = gotisk aiz, norsk eir, tysk ehern ‘bronse-’, engelsk ore ‘malm’

Døme frå verbbøyinga i germansk endre

Verners lov forklarer skilnaden i dei ulike verbformene ved at stavinga før frikativen er trykklett i fleirtal og i partisippforma.

Former av verbet «å kjosa»
Gotisk Norrønt Gamalengelsk Gml. høgtysk Gml. saksisk
Infinitiv kiusan kjósa cēosan kiosan kiosan
Preteritum sg. kaus kaus cēas s s
Preteritum pl. kusum rum curon kurum kurun
Partisipp II kusans rinn coren gikoran gikoran

Oversyn over lydsambanda mellom urindoeuropeisk og germansk endre

Tabellen under må lesast slik: Dei urindoeuropeiske lukkelydane gjekk etter Grimms lov over i ustemde frikativar. Eventuelle stemde frikativar var etter denne forklaringa unntak. Verners lov opna for to realiseringar av kvar lukkelyd, ein stemd (framfor trykksterk staving) og ein ustemd (i andre posisjonar), som vist i tabellen. Unntaka var dermed gjort greie for.

Urindouropeisk *p *t *k *kʷ *s
Etter overgang til germansk ifølgje Grimms lov *f *h *hʷ
Etter overgang til germansk ifølgje Verners lov *f *h *hʷ *ɣʷ *s *z

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre