Fuglearten møllar
- For yrket, sjå møllar.
Møllar (Curruca curruca, òg Sylvia curruca) er ein liten sporvefugl i songarfamilien, Sylviidae. Arten hekkar i temperert sone av vestlege og sentrale Palearktisk og overvintrar i tropane i Afrika, Den arabiske halvøya og sørlege og vestlege Asia. I Noreg hekkar han nord til Helgeland.[2]
Møllar | |
Møllar | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] ██ Hekkeområde ██ Standfugl ██ Passasje ██ Overvintring | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Songarfamilien Sylviidae |
Slekt: | Curruca |
Art: | Møllar C. curruca |
Vitskapleg namn | |
Curruca curruca |
Skildring
endreMøllar har ei kroppslengde på 12,5 til 14 centimeter[3] og er soleis litt større enn den meir kjente lauvsongar. Han er kompakt bygd med relativt kort stjert i høve til andre artar i slekta Curruca. Oversida er brungrå, undersida er lys gråleg til lys beige, strupen og undergumpen kvit. Hovudet og stjerten er blygrå og beina mørk grå. Nokre individ kan ha ein lys ring rundt auga. Kjønna er like.
Songen blir innleid med pludring etterfølgd av ei klaprande og høglydd serie av tonar omtrent som «tell-tell-tell-tell-tell». Fuglar på trekk ropar ofte «tje-tje-tje».[4]
Utbreiingsområdet til møllar inkluderer sørlege Fennoskandia, Storbritannia, nordaustlege Frankrike, Nord-Italia, Balkan og austover så langt aust som omtrent Jakutsk ved elva Lena i Russland. I Noreg finn ein møllar som hekkefugl i hovudsak på Austlandet og Sørlandet, òg nordover gjennom Trøndelag og inn i Helgeland. På Vestlandet manglar han mellom Hardangerfjorden og Nordfjorden.[5] Habitatet i hekketida er opne område ved skogkantar med låg buskvegetasjon der dei kan finne dekke, også innanfor hagar og beitemarker. I Alpane har dei vore registrerte opptil 2650 moh. Alle bestandar er trekkfuglar.
Den globale populasjonen er estimert til mellom 21 og 36 millionar modne individ, av desse hekkar 44 000 til 80 000 i Noreg. Den globale bestanden er trudd å vere stabil. Arten er derfor klassifisert som livskraftig, LC.[1][5]
Kjelder
endre- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av møller Curruca curruca for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.
- ↑ Aymí, R. og G. Gargallo (2020). Lesser Whitethroat (Sylvia curruca), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.leswhi4.01
- ↑ Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
- ↑ 5,0 5,1 BirdLife International (2021) Species factsheet: Sylvia curruca. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. juni 2021
Bakgrunnsstoff
endre- Størkersen, Ø. R. 1994: Møller Sylvia curruca. S. 388 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu.