Opna hovudmenyen

Fulvio Valbusa (fødd 15. februar 1969) er ein italiensk tidlegare langrennar frå Verona som vann sju VM-/OL-medaljar i tida 1995-2006, med OL-gull 2006 i stafett og VM-sølv 2005 på 15 km som dei fremste prestasjonane. Valbusa vann to enkeltrenn i verdscupen, og var den beste tredje beste langrennaren gjennom 1997-sesongen. Også den yngre systera Sabina Valbusa hevda seg i internasjonalt langrenn.

Fulvio Valbusa
Fulvio Valbusa.jpg
Fødd 15. februar 1969
Verona
Yrke langrennsløpar
Fulvio Valbusa på Commons

AktivEndra

Valbusa overraska med ein fjerdeplass då han i januar 1992 i Cogne deltok i si andre tevling i verdscupen i langrenn. Men det skulle gå fleire sesongar før han tok steget opp i verdseliten. I mellomtida var han med å take stafettbronse under Ski-VM 1995 i kanadiske Thunder Bay, ein prestasjon han og Italia gjentok ved ski-VM i Trondheim to år seinare.

Vinteren 1996 kom Valbusa for fyrste gong på sigerspallen etter eit renn i verdscupen, fyrst i Seefeld in Tirol og ein månad seinare i Falun. I sesongen 1997 var han i sitt livs form, og etter tre pallplassar i verdscupen og ei rad gode prestasjonar i ski-VM, sikra han seg tredjeplassen i Verdscupen i langrenn 1997. Einast den suverene verdseinaren Bjørn Dæhlie og finske Mika Myllylä plukka fleire poeng.

Den 16. desember 1997 vann Valbusa sin fyrste siger i eit verdscuprenn, ein 15 km i Val di Fiemme. Under Vinter-OL 1998 i Nagano tok han sølv på stafetten, og vart elles nummer fem i tre av dei individuelle tevlingane. Året etter starta han verdsmeisterskapen i Ramsau med å verte fjerdemann på 30 km, før han så tok bronsen på 15 km jaktstart og ein medalje av same valør med stafettlaget. Derimot makta han ikkje å hevde seg mot verdseliten dei etterfylgjande sesongane.

Valbusa tok sin andre og siste verdscuptriumf i franske La Clusaz den 6. februar 2004. Under VM 2005 i Oberstdorf overraska han, 36 år gammal, med å vinne sølvmedaljen i 15 km fristil. Landsmannen Pietro Piller Cottrer vann tevlinga. Eit siste og største høgdepunkt for Valbusa var gullmedaljen i 4 x 10 km stafett under vinterleikane 2006 i Torino. Etter at han sjølv tok seg av fyrsteetappen, syrgde Giorgio Di Centa, nemnde Cottrer og ankermann Cristian Zorzi for italiensk siger.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.