Opna hovudmenyen

Pietro Piller Cottrer (fødd 20. desember 1974) er ein italiensk tidlegare langrennar frå Pieve di Cadore i Belluno-provinsen. Han vart verdsmeister på 15 km i 2005 og olympisk meister med Italia i 4 x 10 km stafett i 2006. I perioden 1997-2010 vann han fire OL-medaljar og tre VM-medaljar.

Pietro Piller Cottrer

Pietro Piller Cottrer.jpg

Statsborgarskap Italia
Fødd 20. desember 1974
Pieve di Cadore
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

AktivEndra

Cottrer slo gjennom i 1997-sesongen med fjerdeplass på tremila og stafettbronse i Ski-VM 1997 i Trondheim. Seinare i sesongen vann han ein klar siger på 50 km i Holmenkollen.

Under dei olympiske leikane i Salt Lake City i 2002 kjempa Cottrer i toppen i fleire av øvingane. På 30 km vart han nummer fire, deretter kom han på sjetteplass i 20 km skibyte, før han gjekk tredje etappen for Italia sitt sølvlag i 4 x 10 km stafett.

På Beitostølen 26. november 2003 vann Cottrer sin andre siger i eit verdscuprenn, sju sesongar etter den fyrste. Under verdsmeisterskapen i Oberstdorf i 2005 vann han gullmedaljen på 15 km, 11 sekundar framom landsmannen Fulvio Valbusa. Midt i desember 2005 vann han verdscuprennet over 15 km i Canmore. Då vinterleikane 2006 fann stad heime i Italia opna Cottrer med å sikre seg bronsemedalja i 30 km skibyte, like bak vinnaren Jevgenij Dementjev frå Russland og norske Frode Estil. Saman med Valbusa, Giorgio Di Centa og ankermann Cristian Zorzi syrgde han så for gull til arrangørlandet i 4 x 10 km stafett.

Cottrer fekk bronsemedaljen på 30 km under Ski-VM 2007 i Sapporo, slått i spurten av tyskarane Axel Teichmann og Tobias Angerer. Sesongen 2008 noterte han seg for to tevlingssigrar i verdscupen i langrenn, og enda på tredjeplass i turneringa då poenga vart talde opp ved sesongslutt. I januar 2009 vann han sitt sjette og siste verdscuprenn, ein 30 km med skibyte i OL-løypene i Whistler Mountain i Canada. Under Vinter-OL året etter tok han i same løypene sølvmedalja på 15 km, 24 sekundar bak den suveren vinnaren, sveitsaren Dario Cologna.

Cottrer deltok i 2011 i sitt åttande verdsmeisterskap på ski, utan å gjere seg gjeldande i nokon av tevlingane. Han la opp etter 2013-sesongen.

KjelderEndra

  • Sportsboke, aktuelle årgangar.