Furukrossnebb

art av sporvefuglar
Furukrossnebb
Utfarga hann
Utfarga hann
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Loxia
Art: Furukrossnebb L. pytyopsittacus
Vitskapleg namn
Loxia pytyopsittacus

Furukrossnebb er ein fugleart i finkefamilien.

UtsjånadEndra

Furukrossnebben er 16-18 cm lang, og dermed gjennomgåande litt større enn grankrossnebben. Skilnaden mellom dei to artane er liten, men furukrossnebben har grovare hals, og proporsjonalt større hovud og nebb. Til liks med dei andre artane i slekta har furukrossnebben nebbhalvdelar som kryssar kvarandre. Over- og undernebben er om lag like grove. Nebben er like høg som lang, til skilnad frå grankrossnebben. I alle drakter er vengane og stjerten mørke til svartaktige med lysgrå brem. Vaksne hannar er ellers først og fremst teglsteinsraude, men fjørdrakta kan variere mellom individa med meir innslag av grågrøne, brune eller oransjegule toner. Den vaksne hoa har grågrøn overside, gulgrøn overgump og lysgrå underdel, med grønaktig tone på brystet og kroppssidene. Ungfuglen er grønaktig gulgrå, med kraftig svartaktig streka underside.

LæteEndra

Furukrossnebben har ulike slags læter, og desse liknar litt på lætene frå grankrossnebben.

UtbreiingEndra

Arten hekker i Skandinavia, Finland, Baltikum og nordlege delar av europeisk Russland. Sporadisk hekker arten så langt sør som i Danmark og Tyskland.

Førekomst i NoregEndra

Furukrossnebben finst hekkande over det meste av Noreg, unnateke lengst nord. Fugletalet varierer med frøproduksjonen til furua. Truleg hekker 10 000 – 100 000 par årleg i Noreg. Arten er sterkt knytt til furuskogen.

HekkingEndra

 
Loxia pytyopsittacus

Reiret vert bygd i glissen furuskog, som oftast oppe mot toppen av eit tre, i blant nede på sidegreinene. Hoa legg 2-4 (i blant 5) egg. Desse er kvite med ein svak tone av blått eller blågrønt, og dekte med raudbrune flekkar. Desse ruger ho i 14-16 døgn. Etter klekkinga matar foreldra ungane i 25 døgn, til dei er flygedyktige. Oftast fell dette saman med at furukonglane er modne og frøa opnar seg.

FødeEndra

Fuglane et mest furufrø.

TrekktilhøveEndra

Arten er standfugl, men kan streife ein del, og invasjonar sørover er ikkje uvanlege. Skandinaviske fuglar kan invadere Storbritannia i mengder.

KjelderEndra

  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.