Fylkesveg 604
primær fylkesveg 604
(Omdirigert frå Fylkesveg 334 i Sogn og Fjordane)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 604 (fleirtyding).
Fylkesveg 604 | |||
---|---|---|---|
604 | |||
Forbi Jostedal kyrkje | |||
Strekning | |||
Gaupne – Jostedal i Luster | |||
Informasjon | |||
Lengd | 46,8 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Fylkesveg 604 i Vestland fylke går frå Gaupne og gjennom Jostedalen i Luster kommune. Veglengda er 46,8 km, inkludert armar til Espe, Bergset og Fåberg.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.
Opphavleg gjekk vegen mellom Gaupne og Høge bru i Jostedalen, og hadde ei veglengd på 26,5 km. I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og fylgjande tilstøytande fylkesvegar vart lagde til som del av Fylkesveg 604:[1]
Alle nemnde gamle vegnummer har nemninga i Sogn og Fjordane.
Gamalt vegnummer | Strekkje | Veglengd |
---|---|---|
Fylkesveg 334 | Høge bru - Fåberg | 11 km |
Fylkesveg 335 | Høge bru - Espe | 3,9 km |
Fylkesveg 335 | Gjerde - Bergset | 5,4 km |
Kommunar og knutepunkt
endre- 55 Gaupne
- Haukåstunnelen (450 m)
- Fossøytunnelen (208 m)
- Kvernadalstunnelen (186 m)
- Styggegjøltunnelen (65 m)
- Jostedal kyrkje og prestegard
- Høge bru
- Arm til Espe (3,9 km)
- Endepunkt Espe
- Gjerde
- Arm til Bergset (5,4 km)
- Endepunkt Bergset
- Breheimsenteret
- Endepunkt Fåberg
Kjelder
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.