Fylkesveg 604

primær fylkesveg 604
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 604 (fleirtyding).
Fylkesveg 604
604
Forbi Jostedal kyrkje
Forbi Jostedal kyrkje
Strekning
Gaupne – Jostedal i Luster
Fylkesveg 604
Informasjon
Lengd 46,8 km
Status fylkesveg

Fylkesveg 604 i Vestland fylke går frå Gaupne og gjennom Jostedalen i Luster kommune. Veglengda er 46,8 km, inkludert armar til Espe, Bergset og Fåberg.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

Opphavleg gjekk vegen mellom Gaupne og Høge bru i Jostedalen, og hadde ei veglengd på 26,5 km. I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og fylgjande tilstøytande fylkesvegar vart lagde til som del av Fylkesveg 604:[1]

Alle nemnde gamle vegnummer har nemninga i Sogn og Fjordane.

Gamalt vegnummer Strekkje Veglengd
Fylkesveg 334 Høge bru - Fåberg 11 km
Fylkesveg 335 Høge bru - Espe 3,9 km
Fylkesveg 335 Gjerde - Bergset 5,4 km

Kommunar og knutepunkt

endre
Luster

Kjelder

endre
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre