Fyresvatnet

(Omdirigert frå Fyresvatn)

Fyresvatnet, òg kalla Fyresvatn[1], er ein innsjø i Fyresdal kommune i Telemark. Fyresvatnet høyrer til Arendalsvassdraget, og har utløpet sitt via Fyreselv til Nidelva, som munnar ut i havet i Arendal by. Vassdraget er regulert, og reguleringshøgda i Fyresvatnet er ca. 5 m. Med sine 377 djubdemeter er Fyresvatnet den femte djupaste innsjøen i Noreg. Innsjøen er Noregs høgaste beliggande kryptodepresjon. Den djupaste delen når 97 meter under havnivå. Det vert drive stort fiske i Fyresvatnet, også næringsfiske med ruser. Typiske fiskeartar i vatnet er sik (Coregonus lavaretus), aure (Salmo trutta) og røye (Salvelinus alpinus).

Fyresvatnet
innsjø
Fyresvatnet i Fyresdal

Foto: cocu

Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Fyresdal
Høgd over havet 275-280 moh.
Areal 49,68 km²
Middeldjupn 120,5 m
Største djupn 377 m
Volum 6 km³
Kystlengd1 69,41 km
Koordinatar 59°05′00″N 08°10′51″E / 59.08333°N 8.18083°E / 59.08333; 8.18083
Kart
Fyresvatnet
59°07′02″N 8°07′19″E / 59.11709°N 8.12191°E / 59.11709; 8.12191
Wikimedia Commons: Fyresvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Utsikt mot Våmur
Mot Fyresvatnet og Fv355 frå Svåune

Rerferansarer

endre
  1. Statens kartverk, arkivert frå originalen 5. oktober 2015, henta 4. oktober 2015 
  Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.