Fyresvatnet
Fyresvatnet, òg kalla Fyresvatn[1], er ein innsjø i Fyresdal kommune i Telemark. Fyresvatnet høyrer til Arendalsvassdraget, og har utløpet sitt via Fyreselv til Nidelva, som munnar ut i havet i Arendal by. Vassdraget er regulert, og reguleringshøgda i Fyresvatnet er ca. 5 m. Med sine 377 djubdemeter er Fyresvatnet den femte djupaste innsjøen i Noreg. Innsjøen er Noregs høgaste beliggande kryptodepresjon. Den djupaste delen når 97 meter under havnivå. Det vert drive stort fiske i Fyresvatnet, også næringsfiske med ruser. Typiske fiskeartar i vatnet er sik (Coregonus lavaretus), aure (Salmo trutta) og røye (Salvelinus alpinus).
Fyresvatnet | |||
innsjø | |||
Fyresvatnet i Fyresdal
Foto: cocu | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Fyresdal | ||
Høgd over havet | 275-280 moh. | ||
Areal | 49,68 km² | ||
Middeldjupn | 120,5 m | ||
Største djupn | 377 m | ||
Volum | 6 km³ | ||
Kystlengd1 | 69,41 km | ||
Koordinatar | 59°05′00″N 08°10′51″E / 59.08333°N 8.18083°E | ||
Fyresvatnet 59°07′02″N 8°07′19″E / 59.11709°N 8.12191°E | |||
Wikimedia Commons: Fyresvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Rerferansarer
endre- ↑ Statens kartverk, arkivert frå originalen 5. oktober 2015, henta 4. oktober 2015
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.