Gåsemure
Gåsemure | |
Gåsemure | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Rosoideae |
Stamme: | Potentilleae |
Understamme: | Potentillinae |
Slekt: | Mureslekta Potentilla |
Art: | Gåsemure P. anserina |
Vitskapleg namn | |
Potentilla anserina |
Gåsemure (Potentilla anserina eller Argentina anserina) er ein krypande fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.
Gåsemuren vart tidlegare rekna til slekta Potentilla, men har saman med grønlandsgåsemure vorte skilde ut i den eigne slekta Argentina på 1990-talet.[1] Omklassifiseringa har vore kontroversiell, og er ikkje akseptert av alle autoritetar.[2][3][4][5] Gåsemure utgjer ei artskompleks som ofte er blitt delt inn i fleire ulike artar.[6][7]
Planta vert kring 5 cm høg og har krypande stenglar som set røter ved ledene. Ho har mangefinna blad med kvasse tenner som er silkehåra på undersida, stundom også på oversida. Ytterbegeret er flika eller tanna. Blomane har spisse begerblad som ikkje er lengre enn ytterbegerblada.
Gåsemure blømer kring juli. Palnta er vanlegast på havstrender, men finst også på vegkantar og fuktig mark. Ho veks over heile Noreg, i Jotunheimen er ho funnen opp til 925 meter over havet.
Kjelder endre
- ↑ A key to the Potentilla complex
- ↑ «The Plant List: Potentilla anserina L.». Royal Botanic Gardens, Kew and Missouri Botanic Garden. 2013. Henta 19. mai 2016.
- ↑ «Tropicos.org». Henta 3. februar 2015.
- ↑ «Online Atlas of the British and Irish Flora: Potentilla anserina L.». Henta 27. mai 2016.
- ↑ Stace, Clive (2019). New flora of the British Isles (4th utg.). Suffolk, UK: C&M Floristics. ISBN 978-1-5272-2630-2.
- ↑ Arne Rousi (1965). «Biosystematic studies on the species aggregate Potentilla anserina L.». Annales Botanici Fennici 2 (1): 47–112. JSTOR 23724290.
- ↑ Koski, M.H.; Ashman, T.-L. (2013). «Quantitative Variation, Heritability, and Trait Correlations for Ultraviolet Floral Traits in Argentina anserina (Rosaceae): Implications for Floral Evolution». International Journal of Plant Sciences 174 (8): 1109–1120. doi:10.1086/671803.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Gåsört» frå Wikipedia på svensk, den 24. juni 2010.
Bakgrunnsstoff endre
- (no) gåsemure hos Artsdatabanken
- (en) gåsemure – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) gåsemure i Encyclopedia of Life
- (en) gåsemure i Global Biodiversity Information Facility
- (en) gåsemure hos ITIS
- (en) gåsemure hos NCBI
- (en) gåsemure hos The International Plant Names Index
- (en) gåsemure hos Tropicos
- (en) Kategori:Potentilla anserina – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Potentilla anserina – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Argentina anserina – detaljert informasjon på Wikispecies