Gøril Snorroeggen

Gøril Snorroeggen (fødd 15. februar 1985) er ein norsk handballspelar frå Trondheim. Ho har sidan nyår 2011 spela for det danske laget Esbjerg, etter å ha spela i ti sesongar for Byåsen Idrettslag. Snorroeggen har vunne to EM-gull, to OL-gull og eitt VM-gull i åra frå 2004 til 2011.

Gøril Snorroeggen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1985 (39 år)
Trondheim
Yrke handballspelar
Høgd 177 centimeter

Aktiv endre

Snorroeggen spela i ti sesongar på Byåsen, eitt av dei aller beste laga i norsk toppserie i perioden. Ho var med på Byåsen sitt lag som i 2007 tapte finalane i den europeiske cupvinnarcupen mot Oltchim Valcea frå Romania, etter 24-30 heime og 29-29 borte. Her spela ho på lag med Tonje Nøstvold, Marit Malm Frafjord, Vigdis Hårsaker, Camilla Herrem, Ida Alstad og Kari Aalvik Grimsbø.

Snorroeggen har i åra 2004-12 spela 102 landskampar og skåra 224 mål for Noregs kvinnelandslag i handball. Ho har vorte europameister to gongar (2004 og 2006), olympiameister i 2008, 2012 og verdsmeister i 2011, dessutan vann ho VM-sølv i 2007.

Også den eldre systera Marte Snorroeggen har spela landskampar i handball for Noreg.

Merittar landslag endre

  • EM 2004: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
  • EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland
  • VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland
  • OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 mot Russland
  • EM 2008: Gullmedalje etter 34-21 mot Spania
  • VM 2011: Gullmedalje etter 32-24 mot Frankrike
  • OL 2012 i London: Gullmedalje etter norsk siger 26-23 over Montenegro

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre