Gabriel Smith (1784)
Gabriel Smith (4. september 1784–15. mai 1855) var ein norsk forretningsmann og stortingsmann frå Skoger i Buskerud.
Gabriel Smith (1784) | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. september 1784 Skoger |
Død |
15. mai 1855 (70 år) |
Yrke | forretningsdrivande, politikar |
Språk | norsk |
Far | Anders Smith |
Smith var son til ein trelasthandlar og godseigar. Ti år gammal vart han send til krigsskulen i Christiania, utnemnd til sekondløytnant i 1805 og premierløytnant i 1810. Han slutta offiserstenesta i 1815, for å drive gardane Strøm, Sundland, Pukerud og Imjelt i Skoger. Smith budde dei fyrste åra på Sundland, sidan på Smithestrøm i Strømsgodset.
Smith møtte i 1821 på Stortinget frå 20. februar som varamann for Hans Hovbrænder og Jarlsberg grevskap. I sesjonen var han medlem av åtte komitear; sekretær både i komiteen om handels- og gardbrukareksamen og i komiteen om Krokskogen allmenning. Han var andre representant for Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1833, medlem av næringskomiteen. Smith var ordførar i Strømsgodset herad frå 1837 til 1843. Han heldt fram som ordførar i Skoger då dei to herada vart slegne saman i 1843, eit ombod han hadde til 1854. Året etter døydde han på Smithestrøm i Strømsgodset.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914