Opna hovudmenyen

Koordinatar: 60°48′6.34″N 10°40′29.84″E

Gamle Hunn kyrkje
kyrkje
Hunn gamle kirke med Tranberg gård i bakgrunnen.jpg
Foto: Hilda Marie Julin (1861-1926)
Stad Hunn i Gjøvik
Arkitekt Abraham Pihl
Teknikk Tømmer
Material Tre
Innvigd 1821
 - Endringar riven 1881
Takryttar ja
Skip åttekant
Kyrkjegard ved kyrkja
Wikimedia Commons: Gamle Hunn kirke

Gamle Hunn kyrkje (også skrive «Hund») var ei kyrkje i Gjøvik frå 1821 til ho blei riven i 1881. Ho låg der Gjøviks gamle kyrkjegard ligg i dag, på grunnen til garden Hunn. Kyrkja sto midt på kyrkjegarden, på det høgaste punktet.[1] Kyrkja var ei avlang, åttekanta tømmerbygning med sentraltårn ("kuppel"), en «temmelig stor bygning».[2][1] Austre tilbygg var sakristi, det vestre var hovudinngang med våpenhus. Hunn kyrkje blei demontert då Gjøvik kyrkje skulle byggast. Byggearbeidet tok til i 1818.[3]

Ifølgje Alm vart Gamle Hunn kyrkje, Jevnaker kyrkje (1834) og Åmot kyrkje (1823) utforma etter mønster av Vang kyrkje ved Hamar. Byggmester Svend Aspås frå Røros laga truleg modellen som blei send i ein sekk til Torpa då Åmot kyrkje skulle byggast. Alm reknar med at same modell låg til grunn for Hunn og Jevnaker kyrkjer.[4] Kunstnarleksikonet trur at Stor-Elvdal kyrkje også kan ha vore eit førebilete.[3] Innbyggjarane skal ha meint at Gamle Hunn kyrkje var finare enn den nye Gjøvik kyrkje. Interiøret blir omtala som særprega og vakkert. Bygget skal ha vore vanskeleg å varme opp om vinteren.[5]

Kyrkevegen i Gjøvik har namn etter Gamle Hunn kyrkje og fortsetter som Føllingstads veg opp mot den gamle kyrkjestadne - som har vore i bruk sidan mellomlalderen. I dag er det oppført kapell med krematorium på øvre del av det som no blir kalla gravlund, og som fortsatt bruker Hunn-namnet. Dagens Hunn kyrkje er derimot eit stykke lenger opp mot Hunndalen.

Delar frå Gamle Hunn kyrkje vart brukt om at i dagens Gjøvik kyrkje.[6]

Då Gjøvik vart kjøpstad i 1861 vart det ikkje sett opp kyrkje i byen (truleg av pengemangel) og Gjøvik brukte Hunn kyrkje i samarbeid Vardal. Julie og Martin Engelhardt Hoff sa seg villige til å betale for kyrkje i Gjøvik og kjøpstaden fekk eiga kyrkje i 1882 etter at grunnsteinen blei lagt ned i 1881. Planen var å bruke material frå den demonterte Hunn kyrkje, men det viste seg at lite kunne brukast om att.[2] Andre kjelder seier at «meget og godt tømmer» frå den gamle kyrkja blei brukt.[1] Kirkeklokken og nattverdssettet ble overført til den nye kyrkja.[7]

Det hadde vore minst to tidlegare kyrkjer på staden. Fram til 1661 sto der ei stavkyrke truleg oppført mellom 1150 og 1250. Stavkyrkja vart avløyst av ei krosskyrkje som sto til 1820. Den åttekanta kyrkja blei då sett opp omkring 200 meter nordvest for det førre kyrkebygget.[7]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Blom, P. (1983). Beskrivelse over Vardal prestegjeld før og nu. Gjøvik historielag. ISBN 8290323077. 
  2. 2,0 2,1 Blichfeldt, Leif: Det var en gang. Gjøvik-glimt fra en svunnen tid. Gjøvik: E. Blichfeldt, 1981.
  3. 3,0 3,1 Jens Christian Eldal og Julius Malling (udatert). «Svend H. Aspaas». Norsk kunstnerleksikon. Henta 20. februar 2016. 
  4. Alm, Jens M. (1982). Vest-Oppland og Valdres. Oslo: Gyldendal. ISBN 8205131937. 
  5. Mollgard, Reidar (1961). På fedres gamle veier : Gjøvik bys historie gjennom 100 år. Gjøvik. 
  6. Be og Hør, menighetsblad for Gjøvik, nr. 1/2007, s. 22.
  7. 7,0 7,1 Lundh, Gregers (2000). 2000 katekismen for Vardal og Gjøvik. Vardal og Gjøvik prestegjeld.