Samisk arkitektur

Samisk arkitektur er blitt prega av det harde klimaet, materialtilgangen i Sameland og flyttkulturen mange samar har hatt. Det finst fleire flyttbare strukturar, samtidig som ein har lagt på å laga hardføre og varmeisolerande byggverk.

Torvgamme og stabbur ved Lappkåta ved Sylarnas fjällstation

I nyare tid er det blitt reist fleire signalbygg med ei tydeleg samisk form, som den norske Sametingsbygningen, Kautokeino kulturbygg[1] og Árran kultursenter.[2]

Lavvo og gamme endre

 
Døme på reisverk med bogestongskonstruksjon i Sirma i 1933.
 
Ein samisk familie framfor ein gamme. Teltet i bakgrunnen er ein lavvo. Legg merke til forskjellane i stolpeplasseringa til dei to strukturane. Dette bildet er tatt rundt 1900 i det nordlege Skandinavia.

Lavvo og gamme er dei best kjende samiske etnoarkitektoniske formene. Begge kan vera telt, men dei kan også lagast med andre materiale. Både lavvo og gamme har runde grunnplan.[3] Elles finst dei i mange forskjellige utformingar, med ulike materiale som teltduk, torv og tømmer.[3] Ein kan laga dei ulike strukturane sjølv med materiale som er tilgjengeleg i nærleiken.[4] Utforminga kan vera svært individuell ut frå viljen til dei som byggjer.[4]

Gamme blir tradisjonelt bygd med bogestongskonstruksjon, ei konstruksjonsform ein berre kjenner frå samisk kultur. Ein lagar den berande konstruksjone av to par boga stokker som er sette parvis mot kvarandre.[5] Dei boga stengene er tradisjonelt blitt laga av bjørkestammar som har vakse med naturleg bøy.[4]

Den tradisjonelle konstruksjonsforma for lavvo er kløvystongskonstruksjon, som var meir utbreidd i eldre tid.[6] Her har tre av berestengene i konstruksjonen kløyv i enden, som gjev ei stabil samanføying i toppen.[7] Bygget får ei pyramideform, der nokre av stokkane (rajane) gjerne stikk opp øvst.

Forskjellane mellom lavvo og gamme kan ein sjå når ein ser på toppen av strukturane. Ein lavvo vil ha stolpar som kjem saman i toppen, medan gammen har stolpane sine fråskilde utan å koma saman.

Når desse bygningane er blitt brukte til å bu i, er innreiinga lagt ut etter eit fast mønster. Eldstaden ligg i midten med kortsida mot døra. Like over eldstaden er det røykhol i taket.[8] Eit avgrensa område mellom døra og eldstaden hadde ein lagerstad for ved. På motsett side av eldstaden hadde ein matlager og kokekar. På dei andre to sidene av eldstaden hadde ein sove- og sitjeplassar. Heilt inntil veggen lagra ein klede, soveteppe og utstyr. I nyare tid er det blitt vanleg å ha ein omn i gammen og briskar langs sidene.[8]

I nyare tid er gammar og lavvoar blitt masseproduserte som telt og selde av fleire føretak, som Venor frå Kautokeino[9] eller Helsport.[10] Desse kan brukast til friluftsliv eller samankome, og har ulik konstruksjon frå den tradisjonelle teknikken. Med ei sentral midtsøyle som berande element minnar moderne lavvoar meir om andre telt enn den opphavlege lavvoen.[7]

I 2012 blei Nord-Norsk Arkitekturpris gjeven til lavvoen og den samiske gammen som «et tradisjonelt og levende arkitektonisk konsept [...] med sterke tradisjoner og i stadig transformasjon.»[9]

Lavvo endre

 
Vasalos lavo ved Rieppjaevre tidleg på 1900-talet
For meir om dette emnet, sjå lavvo.

Lavvo er eit kjegleforma telt med eit rundt grunnsnitt. Han har ei utforming som liknar den til ein amerikansk tipi, men er mindre vertikal og meir stabil i sterk vind. Han har gjort det mogleg for urfolkskulturane på dei trelause slettene i Nord-Skandinavia og det høge arktiske Eurasia å følgja reinsdyrflokkane sine. Lavvo blir framleis brukt som ein mellombels tilfluktsstad av samar, og i aukande grad av andre folk til camping og anna.

Det finst fleire historiske omtalar av lavvoar som skildrar strukturen deira. Desse strukturane har følgjande fellestrekk:[11][12][13][14][15]

  1. Lavvoen er støtta av tre eller fleire jamt fordelte stenger med gaffel eller hakk øvst som dannar eit stativ.
  2. Ti eller fleire usikra rette stolpar er lagde opp mot stativet og gjev form til strukturen.
  3. Lavvoen treng ikkje teltpluggar, bardunar eller tau for å gje form eller stabilitet til strukturen.
  4. Forma og volumet til lavvoen blir fastsett av storleiken og talet på stolpene ein bruker til strukturen.
  5. Ein treng inga midtstong for å støtta denne strukturen.

Definisjonen og skildringa av denne strukturen har vore ganske konsekvent sidan 1600-talet, og kan også ha vore det i fleire hundreår før.

Gamme endre

 
Gamme ved Vastenjávrre (Vastenjaure).
For meir om dette emnet, sjå gamme.

Ein gamme (òg gábma, gåhte, gåhtie og gåetie, finsk kota, svensk kåta), er ei hytte eller telt som kan ha dekke av stoff, torvmose eller tømmer. Den stoffkledde gammen liknar mykje på ein lavvo, men er ofte konstruert litt større. Han var vanleg å bruka i samband med reindrift når heile familiar følgde flokkane sine.[16] Teltversjonen av gammen kan også kallast ein bøygd påle-lavvo eller ein brødboks-lavvo, ettersom han er meir avlang enn den meir sirkelforma lavvoen.

Den indre konstruksjonen av stolpane er såleis: 1) fire boga stolpar, 2) ei rett midtstong, og 3) omtrent eit dusin rette veggstolpar. Stavstorleikane kan variera betydeleg. Dei fire boga stolpane bogar seg til ein vinkel på omtrent 130°. To av desse stolpane har eit hol bora inn i den eine enden, med desse endene forbunde med den lange midtstonga. Dei to andre boga stolpane er òg samanføyde i den andre enden av den lange stolpen. Når denne strukturen blir sett opp, blir det danna eit firbeint stativ med den lange stonga øvst og i midten av strukturen. Med den firbeinte strukturen ståande opp til omtrent 1,5 til 2,5 meter i høgda, er omtrent ti eller tolv rette «veggstenger» lagt opp mot strukturen. Gammedekket, som i dag vanlegvis er av lerret, blir lagt opp mot strukturen og bunde ned. Det kan vera meir enn eitt dekke på strukturen.

I torvversjonen av gammen er lerretsduken erstatta med tre som kviler på strukturen, dekte med bjørkenever og deretter torv for å gje ein varmeisolert og haldbar konstruksjon. Jordhytter med ein annan konstruksjon, til dømes rette stokkar sette på skrå mot kvarandre i ring, er også blitt kalla gamme.[8]

Gammar kunne også brukast til andre føremål enn bustad, til dømes til røyking av mat,[4] fjøs, naust eller brønnhus. Ein kunne også ha oppdelte gammar der folk budde i ein del og dyr i ein annan.[17]

Gompi endre

I nyare tid har gompi eller gumpi, ei sjølvlaga brakke eller ombygd campingvogn på meiar, blitt viktig for reinflytting[18][19] og rekreasjon.[20] Den lette bygningstypen som ein kan dra med snøskuter blei truleg skapt på 1960-talet, med aluminium ytst, finer inni og isopor nytta til som isolasjon.[20] Gompiar blei populære på 1970- og 1980-talet, ofte bygd sjølv av brukarane.[20] Arkitekten og kunstnaren Joar Nango innretta i 2018 installasjonsutstillinga Girjegumpi ('bokgompi') med stoff om denne og andre former for samisk arkitektur.[21]

Lagerbygningar endre

Samiske stabbur blei typisk sette på pålar. I nord sat stabbur (njalla) ofte oppå ein trestamme på 2-3 meter. Ein nådde han med ein skrå trappestokk som blei fjerna når ein forlet buplassen. Sørsamane hadde gjerne større stabbur som stod på 2-4 stokkar som var noko lågare.[5] Stabbur med ein stolpe i kvart hjørne er kjende som ájtte på lulesamisk[22] og buvrie på sørsamisk.[23]

Husdyrbygningar endre

 
Opphavleg skildring: «Inger Eriksen foran fjøsgamme, tidligere boliggamme. Bygget etter krigen da tyskerne hadde brent alle husen i bygda. Familien bodda da her til de hadda bygget seg hus. En bolig i bakgrunnen. Manndalen august 1956.»

Gammar i ulik utforming er ofte blitt brukte til å husa husdyr. Nokre stader finn ein døme på at folk har bygd seg bustadhus av plankar, medan dei har halde fram med å husa dyra i gammar.

Moderne arkitektur endre

 
Sametingsbygningen sett frå lufta

Nyare senter, museum og andre bygningar knytte til samisk kultur og samfunn kan henta inspirasjon frå tradisjonell samisk bygningsskikk. Varanger Samiske Museum sitt bygg frå 1994 og den norske Sametingsbygningen, som opna i 2005, er inspirerte av tradisjonell samisk arkitektur. Sametinget og Kautokeino kulturhus er blitt tildelte Nord-Norsk Arkitekturpris.[24]

Den samiske arkitekten Joar Nango har kritisert desse bygningane for å hovudsakleg vera utforma av ikkje-samiske arkitektar som forstørra versjonar av tradisjonell arkitektur, som lavvoen, utan ei djupare kulturell forståing.[25]

Kjelder endre

  1. «Kautokeino», BOARCH (på norsk), henta 28. april 2022 
  2. Skålnes, Sunniva (7. februar 2020), «Samtidig samisk arkitektur - Arkitektur N», www.arkitektur-n.no (på norsk bokmål), henta 28. april 2022 
  3. 3,0 3,1 Hege Skalleberg Gjerde. «Runde tufter i Hallingdal – en indikasjon på samisk bosetning?» (PDF). Universitetet i Oslo. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Tilbakeblikk på en sørsamisk høstboplass fra 1917», SPOR (på norsk bokmål), 7. september 2020, henta 28. april 2022 
  5. 5,0 5,1 «Sameplassen - Norsk Folkemuseum», norskfolkemuseum.no (på norsk), henta 26. april 2022 
  6. Samiska kulturmiljöer i ett förändrat klimat - Gaaltije (på svensk), 18. desember 2018, henta 28. april 2022 
  7. 7,0 7,1 Rygh, Per (2. mars 2022). «lavvo». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  8. 8,0 8,1 8,2 Nesheim, Asbjørn; Gunnarsjaa, Arne (20. september 2021). «gamme». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  9. 9,0 9,1 Pulk, Åse (14. juni 2012), «Lavvo og gamme får arkitekturpris», NRK (på norsk bokmål), henta 27. april 2022 
  10. «Tips til valg av lavvo», Helsport (på norsk), henta 28. april 2022 
  11. Schefferus, Johannes. History of Lappland (engelsk oms. av Lapponia), 1674, p.80-86
  12. Manker, Ernst and Vorren, Ørnulv. Lapp Life and Customs: A Survey., Trans. Kathleen McFarlane, Oxford University Press London, 1962, s. 42-46
  13. Muus, Nathan. "Building a Lavvu", Bulletin of Primitive Technology, Fall, 1997, No.14. p.21-22
  14. Manker, Ernst. People of Eight Seasons, Crescent Books, New York, 1963, p.80-81
  15. Eidheim, Harald. "Ethno-Political Development among the Sami after World War II", Sami Culture in a New Era: The Norwegian Sami Experience, Gaski, H. red. (1997) s. 49
  16. Tradisjonell samisk arkitektur « SMARTSTIEN, henta 28. april 2022 
  17. «Samiske fjøsgammer i Nordre Nordland og Sør – Trom» (PDF). Várdobáiki museum og Norsk Kulturminnefond. Henta 28. april 2022. 
  18. «Postkapitalistisk Arkitektur-TV: Gumpi», Tromsø Internasjonale Filmfestival (på norsk bokmål), henta 21. april 2022 
  19. «Follow Marit Helene's year as a Sami reindeer herder», Visit Northern Norway (på engelsk), henta 21. april 2022 
  20. 20,0 20,1 20,2 Larsen, Hanne (9. april 2023), «I 45 år har de feiret påske i en bitte liten snøskuter-hytte langt inne på vidda», NRK (på norsk bokmål), henta 12. april 2023 
  21. «Girjegumpi. Sámi Architectural Library», Nasjonalmuseet (på engelsk), henta 21. april 2022 
  22. Manker, Ernst; Gustavsson Åke: De åtta årstidernas folk, Wahlström & Widstrand, Stockholm 1975 (swe). ISBN 91-46-19788-5. Libris 8354112. 
  23. «Södra Lapplandsfjällen - Förutsättningar för hållbar utveckling» (PDF). Länsstyrelsen Västerbotten, Meddelande 8 2005. Arkivert frå originalen (pdf) 21. april 2021. Henta 8. november 2007.  Arkivert 2021-04-21 ved Wayback Machine.
  24. «Tidligere prisvinnere», Nordnorsk Arkitekturpris (på engelsk), 19. juli 2014, henta 27. april 2022 
  25. Entertainment, The Magazine for Architectural, «INTERVIEW: Joar Nango On Indigenous Architectures And Slippery Identities», pinupmagazine.org (på engelsk), henta 27. april 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Samisk arkitektur