Gary Katz

Gary Katz er ein USA-amerikansk plateprodusent, est kjend for arbeidet han gjorde på albuma til Steely Dan. Katz har òg vore produsert for mange andre artistar og arbeidd som talentspeidar.

Gary Katz
Gary Katz.jpg
OpphavUSA
Sjangerrock
Verka sommusikkprodusent, komponist

KarriereEndra

Katz arbeidde med The Mamas & the Papas, Steppenwolf og Three Dog Night, og fekk signert platekontrakt med artistar som Jim Croce, Chaka Khan, Rufus og Jimmy Buffett.

Katz er mest kjend som produsent på alle Steely Dan-albuma frå debutalbumet Can't Buy a Thrill i 1972 til Gaucho i 1980.[1] Han produserte òg The Nightfly, det første soloalbumet til Donald Fagen, i 1982.

Katz har òg produsert album for Diana Ross, 10cc, Joe Cocker, The Alarm, Laura Nyro, Rosie Vela, Thomas Jefferson Kaye, Eye to Eye, Love and Money og Marc Jordan.[2] Han var prosjektmanager for det alternative metal-bandet Sevendust i 2005.[3]

Han var ein av to folk ansvarleg for å gje kontrakt til Prince, Dire Straits, Christopher Cross og Rickie Lee Jones for Warner Bros.

KjelderEndra

  1. Buckley, Peter (20. november 2003). The rough guide to rock. Rough Guides. s. 1006–1007. ISBN 978-1-84353-105-0. Henta 10. januar 2021. 
  2. http://www.allmusic.com/artist/gary-katz-mn0000988423/credits
  3. http://www.allmusic.com/album/next-mw0000643709/credits