Gaspare Luigi Pacifico Spontini (14. november 177424. januar 1851) var ein italiensk operakomponist.

Gaspare Spontini
Gaspare Spontini.jpg
Fødd14. november 1774
FødestadMaiolati Spontini
Død24. januar 1851 (76 år)
DødsstadAncona
OpphavKyrkjestaten, Det første franske keiserdømme, Kongedømet Preussen
Sjangeropera
Instrumentfiolin
Verka somkomponist, dirigent, sjefsdirigent
Prisar3. klasse av Den røde ørns orden, ridder av Sankt Gregor den stores orden, Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Ridder av Æreslegionen

Liv og virkeEndra

 
Noteark med Credo skriven av Spontini.
 
Namnetrekk

Spontini var fødd i ein bondefamilie i Maiolati i Pavestaten. Han skulle gått inn i kyrkja, men fekk høve til å studera musikk ved konservatoriet i Napoli. Etter rundtt tre år flykta han derfrå for å unngå straff for ei ukjend handling.[1]

Han fekk suksess med den første operaen sin, den komiske Li puntigli delle donne, som blei oppført for karnevalet i Roma i 1796.[1] Deretter kom han til å studera hjå Domenico Cimarosa og sette opp ei mengd operaer, uten nokre større suksessar. Kring 1800 var han i Palermo, som hoffet frå Napoli hadde flykta frå etter at Frankrike invaderte. I 1803 drog han til Paris for oppføringa av den første operaen sin i Frankrike. Han hadde suksess ved Théâtre Italien, men hadde problem innan opéra comique.[1]

La petite maison (1804) blei skandaleråka ettersom den anti-italienske pressa iscenesette ein tumult og framføringa måtte avbrytast. Spontini fekk likevel tittelen hoffkomponist av keisarinne Joséphine.

I Paris lét Spontini seg påverka av Gluck sine verk og endra den musikalske stilen sin. Han tilpassa seg også smaken til det parisiske publikummet med omsyn til det visuelle. Etter oppføringa av operaen møtte han Étienne de Jouy som ville at Spontini skulle skriva musikk til librettoen hans La vestale, som han hadde vanskar med å selja. Premieren blei utsett fleire gonger av Napoleon sjølv, men operaen blei endeleg oppført i 1807 takka vera Joséphine. Spontini fekk då ry som ein av de leiande operakomponistane.

Det neste samarbeidet til Spontini og Jouy var Fernand Cortez (1809); laga på oppfordring av Napoleon, av det ein gjerne har gått ut frå var av politiske motiv. Operaen var ein stor suksess etter ei omarbeiding. Etter at Napoleon fall freista Spontini å vinna gunsten til huset Bourbon, og fekk statspensjon. Den siste operaen hans for Paris, Olimpie (1819), gjekk ikkje heim hjå publikum.

Spontini blei lokka til Berlin av kong Fredrik Vilhelm II av Preussen, som gav han stilling som hovudkapellmeister og ein enorm gasje.[1] Operaen Olimpie skulle oppførast i Berlin og blei omsett til tysk av E.T.A. Hoffmann. Han blei godt motteken av publikum, men oppføringane stoppa raskt, kanskje på grunn av at Weber sin opera Friskytten hadde teke berlinarane med storm. Spontini skreiv bare nokre få operaer for Berlin, Nurmahal (1822), Alcidor (1825) og den monumentale Agnes von Hohenstaufen (1829) som krev ei lang rolleliste, fantastiske klede og storslagen scenografi.

Den prøyssiske kongen døydde i 1840, og Spontini blei avsett året etter. Han blei også dømde til 9 månader i fengsle for majestetsfornærming, men fekk nåde av den nye kongen.[2] Etter fleire konfliktar med leinga på Berlinoperaen blei Spontini sagt opp i 1842 og han vende tilbake til Paris. Dei siste åra av livet sitt levde han i fødebyen Maiolati. Han testamenterte alt han åtte til dei fattige der.[2]

Operaer av SpontiniEndra

  • Li puntigli delle donne (Roma, 1796)
  • Adelina Senese o sia l'Amore secreto (1797)
  • Il finto pittore (Roma, 1797)
  • L’eroismo ridicolo (Napoli, 1798)
  • Il Teseo riconosciuto (1798)
  • La finta filosofa (1799)
  • La fuga in maschera (1800)
  • I quadri parlanti (Palermo, 1800)
  • Gli Elisi delusi (Palermo, 1800)
  • Gli amanti in cimento (3. november 1801, Teatro Valle i Roma)
  • Le metamorfosi di Pasquale (1802, Venezia)
  • La petite maison (1804)
  • Milton (27. november 1804 Paris)
  • Julie, ou le Pot de fleurs (12. juli 1805, Paris)
  • La vestale (15. desember 1807, Paris)
  • Fernand Cortez (28. november 1809, Paris)
  • Pélage, ou le Roi et la paix (23. august 1814, Paris)
  • Olimpie (22. desember 1819, Paris)
  • Nurmahal, oder das Rosenfest von Caschmir (27. mai 1822, Berlin)
  • Alcidor (1825)
  • Agnes von Hohenstaufen (12. juni 1829, Den kongelege operaen i Berlin)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Arnold, Denis ArnoldDenis; Parker, Roger ParkerRoger (1. januar 2011). «Spontini, Gaspare (Luigi Pacifico)» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-957903-7. doi:10.1093/acref/9780199579037.001.0001/acref-9780199579037-e-6405. 
  2. 2,0 2,1 Kennedy, Joyce; Kennedy, Michael; Rutherford-Johnson, Tim, red. (21. mai 2013). «Spontini, Gaspare Luigi Pacifico» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-957810-8. doi:10.1093/acref/9780199578108.001.0001/acref-9780199578108-e-8620. 

BakgrunnsstoffEndra