Georg Herwegh

tysk skribent og poet

Georg Friedrich Rudolph Theodor Andreas Herwegh (31. mai 18177. april 1875) var ein tysk journalist og lyrikar. Han var blant dei fremste litteratane under Vormärz (‘før mars’), perioden før marsrevolusjonen i Tyskland i 1848. Under kampane i Baden deltok han saman med kona si Emma Herwegh. Han var knytt til partiet Allgemeiner Deutsche Arbeiterverein, og skreiv partisongen deira. Herwegh fordømte den fransk-prøyssiske krigen i 1870/1871 som førte til at keisarriket annekterte Alsace og Lorraine. Han var ein av dei få i Tyskland som på dette tidspunktet framleis heldt fast ved dei sosialistiske og republikanske ideane frå 1848

Georg Herwegh

Statsborgarskap Kongeriket Württemberg, Sveits
Fødd 31. mai 1817
Stuttgart
Død

7. april 1875 (57 år)
Lichtental

Yrke lyrikar, skribent, omsetjar
Politisk parti Allgemeiner Deutscher Arbeiterverein, Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Ektefelle Emma Herwegh
Born Horace Herwegh, Camille Herwegh
Georg Herwegh på Commons

Liv og virke endre

Herweg var son av kroverten Ludwig Ernst og Rosina Katharina Märklin.[1] Han gjekk på gymnaset i Stuttgart, latinskulen i Balingen og deretter klosterskule i Maulbronn. I 1835 blei han tatt opp i Tübinger Stift og studerte teologi, men kom i konflikt med leiinga i stiftet og blei utvist. I 1836 byrja han juridiske studium, men avslutta desse i 1837. Deretter livnærte han seg som forfattar og kritikar for tidsskriftet til den jødiske forleggjaren August Lewald, Europa, og som omsetjar av verk av Alphonse de Lamartine.[2][3]

I 1839 kom han til å fornærma ein adeleg offiser på eit maskeball, ved at han nekta å helsa på han. Han skulle straffast ved å bli tvangsrekruttert til eit regiment i Ulm. Herwegh kom seg unna straffa ved å flykta til Emmishofen i Sveits. Her levde han av forfattarskapet og det litteraturkritiske arbeidet sitt, framfor alt av bidraga sine til tidsskriftet Deutsche Volkshalle. Desse bidraga blei gjevne ut i 1845, utan at han visste om det, under tittelen Gedichte und kritische Aufsätze aus den Jahren 1839 und 1840 (‘Dikt og kritiske artiklar frå åra 1839 og 1840’). I Zürich fekk han i løpet av perioden 1841–1843 støtte til å gje ut Gedichte eines Lebendigen (Dikt av ein levande). Dikta inneheldt ein lidenskapeleg fridomsretorikk, som gav håp til dei tyske borgarane som kjempa for demokratiske rettar. Dikta var songbara, og blei tonesette av mellom anna Franz Liszt. Dei blei bannlyste i Preussen, men førte likevel til at Herwegh blei kjend.[4][2][5]

Han blei redaktør for den opposisjonelle avisa Der dt. Bote aus der Schweiz (‘Den tyske bodberaren frå Sveits’). Reisa hans til Tyskland i 1842 vart ei triumfferd. Som bestseljar blei han i nær sagt kvar by tatt i mot med stands, festmåltid og fakkeltog. I Berlin møtte han skribenten Emma Siegmund. Dei blei trulova etter berre ei veke. Formuen hennar gjorde det mogleg for han å leva utan økonomiske bekymringar.[6][7]

Den 19. november 1842, kort tid etter trulovinga, blei Herwegh utan varsel henta til audiens med den prøyssiske kongen, Fredrik Vilhelm IV. Kongen ønskte å visa den revolusjonære diktaren at han var overlegen. Han uttrykte mellom anna at «Eg veit vi er fiendar, men eg må gjera det eg må, og vi skal vera ærlege fiendar!». «Eg ønsker av hjartet mitt at de endrar dykk ('ich wünsche Ihnen von Herzen einen Tag von Damaskus'), og de vil gjera det storarta.». Då kongen på denne måten hadde avslutta samtalen, skulle gjesten etter etiketten bøya seg og gå ut. Herwegh tillét seg i staden ein oppførsel som braut mot norma. Han fikserte blikket på kongen og uttrykte at «Herre, eg kan ikkje vera ein fyrstetenar!», og siterte dermed Schiller. Etikettebrotet tente ikkje til fordel for Herwegh. Han fekk kritikk både for i det heile å ha gått inn i audiensen, blei kalla for «underdanig revolusjonær» og kritisert for sitt «pinlege Schillersitat». Det komane ekteskapet med Emma blei omtalt som eit «jødisk pengeekteskap».[3][8]

Etter å ha vorte utvist frå Preussen i 1842 og deretter Zürich i Sveits i 1843, fekk Herwegh opphaldsløyve i kantonen Baselland. Emma hadde slutta seg til han i Zurich den 23. februar 1843 Dei gifta seg 8. mars 1843 i nærvær av intellektuelle som Mikhail Bakunin, Adolf Ludwig Follen og Caroline og Wilhelm Schulz. Frå 1843 budde paret i Paris, der dei hadde omgang med mellom anna forfattaren Heinrich Heine og ideologen Karl Marx.[9][2]

I februar 1848 braut det ut revolusjon i Frankrike. Dei tyske emigrantane i Paris valde Herwegh som president for den republikanske komiteen og til politisk leiar for Den tyske demokratiske legionen. Under revolusjonen i Baden i 1848 kjempa han og kona hans på sida til radikaldemokratane. Dei oppsøkte dei radikale leiarane Friedrich Hecker og Gustav Struve, for å bistå dei i revolusjonskampen. Då württemburgiske troppar slo legionen til dei revolusjonære i kampane ved Niederdossenbach i april 1848, klarte ekteparet å koma unna ved å kle seg som bønder, og drog i eksil til Sveits.[6][10]

I 1851 var han tilbake i Sveits, der han arbeidde som journalist og omsetja. I tillegg dreiv han med naturvitskaplege studiar. I salongen hans vanka mellom anna komponisten Franz Liszt, politikaren François Wille og arkitekten Gottfried Semper. På 1860-talet drog Herwegh tilbake til Tyskland og slutta seg til arbeidarrørsla der. I 1863 utnemnde politikaren Ferdinand Lassalle han til fullmektig for Allgemeiner Deutscher Arbeiterverein. Han skreiv den nasjonale partisongen (tysk Bundeslied) med det kjente verset Mann der Arbeit, aufgewacht (‘Arbeidsmann, vakne opp’). I 1866 fekk han amnesti frå dei tyske styresmaktene, og flytta til Baden-Baden. Herwegh fordømte krigen i 1871 og anneksjonen av Elsaß og Lothringen. Han høyrde til dei få tyskarane som etter samlinga av Tyskland i 1871 framleis heldt seg til dei sosialistiske og republikanske ideane frå 1848. Herwegh døydde i Lichtental, i dagens Baden-Baden. Han ønskte ikkje å bli gravlagd i det tyske riket, men i det han kalla republikansk jord, i kommunen Liestal i kantonen Baselland i Sveits.[9][2][1]

Tyding endre

Bundeslied für den Allgemeinen deutschen Arbeiterverein, utdrag.[11]

norsk: Nasjonal partisong for Allgemeiner Deutscher Arbeiterverein

Eurer sind viele, ihrer sind wenige.

Mann der Arbeit, aufgewacht!

Und erkenne deine Macht!

Alle Räder stehen still,

Wenn dein starker Arm es will.

Norsk meiningsomsetjing:

De er mange, dei er få.

Arbeidsmann, vakne opp!

Og erkjenn di makt!

Alle hjul står still',

når den sterke armen din så vil.

Herwegh er rekna som vanskeleg å vurdera som politikar og diktar. Han blir likevel rekna som ein av dei viktigaste diktarane under Vomärz, førebuinga til revolusjonen i Tyskland, særleg Berlin, i mars 1848. Han var særleg populær hos ungdommen. Han egga dei venstreradikale, som på si side oversåg den manglande motivasjonen til befolkninga til oppstand. Han var òg aktiv under depresjonen etter nederlaget og den seinare oppvakninga i retning av sosialismen.[12][10] Han og kona hans Emma Herwegh skreiv ein felles biografi. Dei blir begge rekna av Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte blant dei viktigaste personane som i løpet av dei siste 200 åra har bidratt til danninga av demokratiet i Tyskland.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Georg Friedrich Rudolf Theodor Herwegh – Personenlexikon BL». personenlexikon.bl.ch. Henta 2. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Biographie, Deutsche. «Herwegh, Georg - Deutsche Biographie». www.deutsche-biographie.de (på tysk). Henta 2. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 Revolutionäre jüdischer Herkunft in Europa 1848/49 (Thesis). 2006. 
  4. «GEORG HERWEGH - Dichterleben». www.georgherwegh-edition.de. Arkivert frå originalen 27. september 2021. Henta 27. september 2021. 
  5. «Herwegh». web.archive.org. 29. september 2007. Arkivert frå originalen 29. september 2007. Henta 3. oktober 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «100 Köpfe der Demokratie». demokratie-geschichte.de. Henta 23. juli 2021. 
  7. «Herwegh, Georg». www.projekt-gutenberg.org. Henta 3. oktober 2021. 
  8. «Friedrich Schiller». Gute Zitate (på tysk). Henta 10. oktober 2021. 
  9. 9,0 9,1 «Herwegh, Georg». hls-dhs-dss.ch (på tysk). Henta 26. september 2021. 
  10. 10,0 10,1 «GEORG HERWEGH - Dichterleben». www.georgherwegh-edition.de. Arkivert frå originalen 27. september 2021. Henta 30. september 2021. 
  11. Zeno
  12. Biographie, Deutsche. «Herwegh, Georg - Deutsche Biographie». www.deutsche-biographie.de (på tysk). Henta 30. september 2021.