Georg Bull

(Omdirigert frå Georg Jacob Bull)

Georg Bull (1. august 178512. desember 1854) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar. Han var høgsterettsjustitiarius frå 1836 til 1854. Far hans, Johan Bull, var den fyrste høgsterettsjustitiarius i Noreg.

Georg Bull

Fødd1. august 1785
Christiania
Død12. desember 1854 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, dommar
FarJohan Randulf Bull
BarnAnders Sandøe Ørsted Bull
MedlemHerreklubben Quodlibet
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1821–1823)
  • høgsterettsjustitiarius (1836–1854)
  • statssekretær (1834–1836)
  • vararepresentant til Stortinget (1815–1817)
  • vararepresentant til Stortinget (1818–1820)
  • stortingsrepresentant (1824–1826)
  • fylkesmann i Vestfold (1821–1829)
  • fylkesmann i Hordaland (1829–1831)
  • stiftamtmann i Bergen stiftamt (1829–1834) Sjå dette på Wikidata

Bull var fødd i Kristiania og vart student i 1802. Cand. jur. vart han i 1805. Han var 1806-09 fungerande sorenskrivar i Sunnhordland, deretter byfut i Bergen frå 1810 til 1821. I 1821 utnemnd til amtmann i Jarlsberg og Larvik amt. Dette embetet hadde han til han i 1829 vart amtmann i Søndre Bergenhus amt. Han var amtmann der i fem år, dei to åra 1834-36 var han statssekretær. Deretter var han i atten år (1836-54) leiar av Noregs høgsterett.

Bull var representert på to påfylgjande storting. I 1821 og på det overordenlege stortinget året etter representerte han Bergen, medan han i 1824 var representant for Laurvik og Sandefjord. I 1821 var han medlem av 18 komitear, formann i fem av dei. På tinget i 1824 var han formann i justiskomiteen og i komiteen om odelslova.

Bull var med i riksretten i 1845, i eigenskap av høgsterettsjustitiarius.

Han døydde i fødebyen Kristiania.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre