Opna hovudmenyen

Georg Løkkeberg

norsk skodespelar

Georg Løkkeberg (20. november 190919. august 1986) var ein norsk skodespelar og teatersjef frå Fredrikstad. Han var bror til Tore Segelcke, som også var skodespelar.

Georg Løkkeberg
Georg Løkkeberg.jpg
Fødd20. november 1909
FødestadFredrikstad
Død19. august 1989
DødsstadNoreg
Verka somskodespelar
EktefelleRønnaug Alten
BornPål Løkkeberg

Løkkeberg debuterte i 1930 på Den Nationale Scene i Bergen. Han var tilsett ved Det Nye Teater 1931–35, Nationaltheatret 1935–36 og frå 1966, spelte også ved Centralteatret og Det Norske Teatret. Periodane 1945–48 og 1948–52 var han sjef for høvesvis Trøndelag Teater og Den Nationale Scene. I tida 1952-66 arbeidde han frilans i Noreg og Sverige.

I teateret hadde Løkkeberg tittelroller i Hamlet og Kong Lear av William Shakespeare, og som Løvborg, Rosmer, Solness og grosserer Werle i Ibsen-stykke. I 1966 fekk han kritikarprisen for si framsyning som de Sade i Mordet på Marat av Peter Weiss.

Mellom 1934 og 1978 spelte Løkkeberg i bortimot 30 norske og svenske spelefilmar, sist i Höstsonaten av Ingmar Bergman.

KjelderEndra