Georg Robert Schirmer

norsk skribent og politikar

Georg Robert Schirmer (25. desember 184517. mai 1917) var ein sorenskrivar, forfattar og stortingsmann i Ringerike 1893-1908. Han var stortingsrepresentant for Buskerud frå 1901 til 1903 og ordførar i Norderhov åra 1876-91.

Georg Robert Schirmer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. desember 1845
Odals Værk
Død

17. mai 1917 (71 år)

Yrke politikar, skribent
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Mor hans, Lisbet Sjønnesdatter, var frå garden Berger i Sør-Odal. Far hans, Bernhard Schirmer, kom til Noreg frå Tyskland som 19-åring. Faren gjekk i tenteste hos eigaren av Odals Verk, Andreas Grüning, og var først bokhaldar og seinare malt- og spritkontrollør ved ølbryggeriet der.

Schirmer skreiv den kjende visa «Je veit ei vakker jente» i 1863, året før han vart student. I 1871 vart han cand.jur., same året som vart visa omskriven til nynorsk og teken inn i «De norske Studenters Visebog». Ho vart landskjend som ei folkevise. Handlinga i visa er frå Blomstermyrene på Odals Verk.

I første halvdelen av 1870-åra arbeidde Schirmer ei tid som sorenskrivarfullmektig. Frå 1876 til 1893 var han overrettssakførar i Norderhov, og deretter i 15 år sorenskrivar i Ringerike. Alle desse åra budde han på garden sin, Elvbakken i Norderhov.

Schirmer var i perioden 1876-91 ordførar i Norderhov herad. I mange år var han også «direktør» i Ringerike Sparebank. Perioden 1900-03 var han andrerepresentant for Buskerud på Stortinget, medlem av protokollkomiteen 1900-02 og av næringskomite nr 2 frå 1902 til -03.

Kjelder endre