Georg II av Storbritannia
Georg II Augustus (10. november 1683–25. oktober 1760) var konge av Storbritannia og Irland frå 1727 til 1760. I tillegg var han hertug av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) og tysk kurfyrste. Han var den andre britiske monarken av det tyske fyrstehuset Hannover, og den siste britiske monarken som personleg leidde styrkar i krig. Ulikt føregangaren Georg I snakka han flytande engelsk, i tillegg til fleire andre språk.
George II Augustus | |||
| |||
Konge av Storbritannia og Irland | |||
Periode | 11. juni 1727-25. oktober 1760 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 10. november 1683 i Schloss Herrenhausen i Hannover | ||
Fødestad | Hannover | ||
Død | 11. juni 1727 i Osnabrück | ||
Dødsstad | London | ||
Mor | Sophie Dorothea av Braunschweig-Lüneburg | ||
Far | Georg I av Storbritannia | ||
Ektefelle | Caroline av Brandenburg-Ansbach | ||
Sambuar | Amalie Sophie von Wallmoden | ||
Barn | Fredrik Ludvig (1707-1751).
| ||
Medlem | Royal Society | ||
Føregangar | Georg I | ||
Etterfølgjar | Georg III |
Georg II var son av arveprinsen av Braunschweig-Lüneburg, den seinare kong Georg I av Storbritannia, og kona Sophie av Celle. Då faren vart hertug av Braunschweig-Lüneburg vart Georg sjølv arveprins. Georg II gifta seg med prinsesse Caroline av Brandenburg-Ansbach i 1705.
Georg grunnla mellom anna Georg-August-Universität i Göttingen.
Etterfølgjar som konge og fyrste var sonesonen Georg III av Storbritannia.