Gerard ter Borch (Terborch) (x. desember 16178. desember 1681) var ein nederlandsk sjangermålar frå Zwolle, aktiv under den såkalla nederlandske gullalderen i målarkunst.

Sjølvportrett, 1668
Brevet, ca. 1655

Liv og gjerning endre

Borch var elev av faren Gerard. Frå seinast 1632 utdanna han seg vidare i Amsterdam, der Willem Cornelisz Duyster kan ha vore ein av læremeistrane hans. Eit par år seinare gjekk han i lære hos Pieter de Molijn i Haarlem, der han i 1635 vart medlem av Sint-Lucasgildet. I Haarlem vart han også påverka av Frans Hals.

Han la ut på lengre reiser til både England, Tyskland og Frankrike. I 1640-41 var han i Roma, der han måla små portrett på kopar av Jan Six og Ei ung kvinne. Han var innom Münster medan Fredskongressen 1646-48 pågjekk, og måla Münster-avtalen vert underskriven.

Borch vart invitert til Madrid, der han fekk oppdrag og vart slått til riddar av kong Filip IV. Han vart rettnok nøydd å reise heim til Nederlanda, truleg vart han utsett for intrigar. Etter ei tid i Haarlem busette han seg i Deventer, der han fekk borgarrett i 1655 og jamvel sete i byrådet.

I måleria til Borch kan ein sjå påverknad frå både Rembrandt og spansk målarkunst av Diego Velázquez. Den spanske hoffportrett-stilen nytta Borch til å lage miniatyrar á la Hans Holbein.

Borch er ein av dei fremste representantane for portrettkunst og sjangermåleri i Nederlanda. Han er korkje djuptloddande eller særleg mangesidig, men er ein meister på sitt vesle og avgrensa område. Figurane hans agerer stillferdig og er noko tilbaketrekte, men er både levande og truverdige som karakterar, Få målarar har så fint som Borch har hatt auge for korleis uttrykket fell til ro i eit ansikt, når personen er oppteken av eitt eller anna, ei dame som musiserer eller skreller eit eple.

Han døydde i Deventer.

Kjelder endre