Gerd Kjølaas

norsk ballettdansar, koreograf og pedagog

Gerd Kjølaas (22. mai 19093. februar 2000) var ein norsk ballettdansar, koreograf og pedagog, kjend som pådrivar for fridans og av Gunnar Brunvoll nemnd som «den norske balletts mor».[1]

Gerd Kjølaas

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1909
Trondheim
Død

3. februar 2000 (90 år)

Yrke koreograf, dansar, ballettdansar
Gerd Kjølaas på Commons

Kjølaas var utdanna i Kristiania under Inga Jacobi, i Dresden under Gret Palucca, og ved Royal Academy of Dancing i London, der ho etter kvart studerte hos Kurt Jooss og ensemblet Ballet Jooss, som ho turnerte verda over med (1946–47). I Noreg debuterte ho som dansar og koreograf i heimbyen Trondheim (1931) der ho dreiv eigen frilansskule (1931–36).

Saman med Louise Browne skipa Kjølaas ensemblet Ny Norsk Ballett, som produserte over femti oppsetjingar (1948–54). Saman med Rita Tori førte ho vidare verksemda som Den Norske Ballett (1954–57). Dette ensemblet danna i sin tur grunnlaget for opprettinga av Den Norske Operas ballettensemble (Nasjonalballetten) på 1950-talet.[2]

Koreografi

endre

Kjølaas laga koreografi for mellom anna Nationaltheatret, Folketeatret og Det Norske Teatret.

Verk i utval

endre
  • Mot ballade (1945). Basert på eit stykke av Hans E. Kinck. Den fyrste sjølvutvikla oppsetjinga i Noreg, til musikk av Tore Sinding
  • Veslefrikk med fela (1953). Den fyrste norske dansefilmen.
  • Markisen
  • Uredd
  • Tyrihans

Bibliografi

endre
  • Fridans (1946). Fyrste norske dansebok.
  • Dans, ropte livet, Eige forlag (1998) ISBN 91-973091-2-5

Prisar og utmerkingar

endre

For sin innsats som dansar og koreograf vart ho tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1969.[3] og Senter for Dansekunsts ærespris i 1996.[1]

Minnesmerke

endre

Gerd Kjølaas’ plass utanfor Dansens Hus i Oslo vart i 2014 kalla opp etter Kjølaas.[4]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Aarnes, Thea Ericson (15. juni 1995), «Senter for Dansekunsts ærespris for 1996 tildeles Gerd Kjølaas», Danseinformasjonen (på norsk bokmål), henta 4. september 2024 
  2. «Ny Norsk Ballett - Den Norske Ballett», sceneweb.no (på norsk), henta 4. september 2024 
  3. Kongens fortenestemedalje - tildelingar kongehuset.no [besøkt 10.september 2024]
  4. «Gerd Kjølaas' plass – Oslo byleksikon», oslobyleksikon.no, henta 11. september 2024 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gerd Kjølaas