Gerhard Garmann
Gerhard Heiberg Garmann (1. desember 1793–24. oktober 1873) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Gerhard Garmann | |||
Fødd | 1. desember 1793 | ||
---|---|---|---|
Død | 24. oktober 1873 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Garmann var fødd på Utstein kloster, som far hans eigde. Sjølv var han 1806-12 tilsett på kontoret til futen i Stavanger. Han tok i 1814 norsk juridisk eksamen, og var fullmektig i Akershus stiftsoverrett. Frå 1816 til -20 var han tilsett i revisjonsdepartementet. I 1820 vart han byråsjef i finansdepartementet. Deretter var han i lang tid, 1828-72, sorenskrivar i Flekkefjord, siste 28 åra også byfut. Styreformann i Flekkefjord Sparebank 1837-72.
I 1845 representerte Garmann Flekkefjord på Stortinget. Han var medlem av Lagtinget, og sat dermed i riksretten i saka mot Jørgen Herman Vogt. Elles var han sekretær i justiskomiteen.
Garmann døydde i Flekkefjord i 1873.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Gerhard Garmann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv