Gerhart Hauptmann
Gerhart Johann Robert Hauptmann (fødd 15. november 1862 i Ober Salzbrunn, død 6. juni 1946 i Agnetendorf) var ein tysk dramatikar og forfattar som i 1912 fekk Nobelprisen i litteratur i 1912 «hovudsakleg på grunn av sin produktive, varierte og eineståande produksjon av scenekunst.»[1][2]
Gerhart Hauptmann | |
Statsborgarskap | Det tyske keisardømet |
Fødd | 15. november 1862 Szczawno-Zdrój |
Død |
6. juni 1946 (83 år) |
Yrke | skodespelforfattar, lyrikar, songtekstforfattar, romanforfattar, sjølvbiograf, manusforfattar, skribent |
Språk | tysk |
Medlem av | Durch! |
Ektefelle | Margarete Hauptmann, Marie Thienemann Hauptmann |
Born | Ivo Hauptmann |
Gerhart Hauptmann på Commons |
Hauptmann blir rekna som ein av dei viktigaste representantane for den tyske naturalismen, men integrerte òg i andre stilartar i verka sine, til dømes symbolismen.
I 1922 skreiv han pamfletten Russland und die Welt saman med Fridtjof Nansen og Maksim Gorkij.
Verk i utval
endre- 1885 - Promethidenlos
- 1888 - Bahnwärter Thiel
- 1889 - Vor Sonnenaufgang
- 1890 - Das Friedensfest
- 1893 - Die Weber, i dialektversjon De Waber
- 1893 - Der Biberpelz
- 1893 - Hanneles Himmelfahrt
- 1897 - Die versunkene Glocke
- 1898 - Fuhrmann Henschel
- 1900 - Michael Kramer
- 1901 - Der rote Hahn
- 1902 - Der arme Heinrich
- 1903 - Rose Bernd
- 1909 - Griselda
- 1910 - Der Narr in Christo Emanuel Quint
- 1910 - Peter Brauer (tragikomedie)
- 1911 - Die Ratten
- 1912 - Atlantis
- 1912 - Gabriel Schillings Flucht
- 1914 - Der Bogen des Odysseus
- 1917 - Winterballade
- 1921 - Anna
- 1925 - Veland
- 1925 - Die Insel der großen Mutter oder Das Wunder von Île des Dames
- 1928 - Des großen Kampffliegers, Landfahrers, Gauklers und Magiers Till Eulenspiegel Abenteuer
- 1928 - Wanda
- 1939 - Ährenlese
- 1932 - Vor Sonnenuntergang
- 1937 - Das Abenteuer meiner Jugend (sjølvbiografi)
- 1939 - Die Tochter der Kathedrale
- 1941 - Iphigenie in Delphi
- 1941 - Das Märchen
- 1944 - Iphigenie in Aulis
- 1946 - Neue Gedichte
- 1948 - Agamemnons Tod/Elektra (posthum)
Verk omsette til norsk
endre- Ensomme mennesker - drama, 1887
- Hannemor : drømmedigtning i to akter, 1894
- Kjetteren fra Soana, 1935
- Wanda, 1957
- Banevokter Thiel, 1996
- Før solnedgang blei i 1957 framført av Radioteateret og på Nationaltheatret
Kjelder
endre- ↑ «primarily in recognition of his fruitful, varied and outstanding production in the realm of dramatic art»
- ↑ Nobeltildelinga 1912
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gerhart Hauptmann
- Verk av og om Gerhart Hauptmann i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobelprize.org, Nobelprisen i litteratur 1912
- Nobelprize.org, Gerhart Hauptmann - sjølvbiografi
- Oppsetninga av Hannemor på Det Norske Teatret (1916)[daud lenkje]
- Gerhart Hauptmann, biografi på dhm.de/LeMO
- Gerhart Hauptmann Museum Arkivert 2005-10-27 ved Wayback Machine.
- Kommentert lenkesamling Arkivert 2005-10-25 ved Wayback Machine.
- Manuskript og oppføringsrettar
- Om Hauptmanns forhold til nazismen