Gianluigi Buffon

italiensk fotballspelar

Gianluigi Buffon (fødd 28. januar 1978) er ein italiensk fotballspelar. Buffon har spela som keeper for Juventus og det italienske landslaget.

Gianluigi Buffon
Personleg informasjon
Fullt namn Gianluigi Buffon
Fødd 28. januar 1978 (46 år)
Fødestad Carrara i Italia
Høgd 192 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Juventus
Nummer 1
Ungdomsklubbar
1991-95 Italia Parma
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-2001
2001-2018
Italia Parma
Italia Juventus
168 (0)
390 (0)
Landslag
1995-97
1997-2018
Italia Italia U21
Italia Italia
11 (0)
140 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. mars 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 4. juni 2014

Klubbkarriere endre

Buffon vart fødd i Carrara i Toscana. Han starta karrieren i Parma i 1995. Han fekk debuten sin i Serie A mot AC Milan, 19. november 1995, berre 17 år gammal. Han var med på å vinna UEFA-cupen med Parma i 1999. I juli 2001 gjekk han til Juventus for om lag 400 millionar kroner, som den dyreste keeperen gjennom tidene, til då.

I 200405 hjelpte Buffon Juventus til laget sin tredje Serie A-tittel på fire sesongar. Buffon sine utrolige redningar i den avgjerande kampen mot AC Milan var med på å avgjera kampen. Men denne tittelen, saman med neste års tittel, vart trekt attende etter dommarskandalen i 2006.

Då Juventus vart flytta ned til Serie B, valde Buffon å bli i klubben, trass i at han kunne gått til ei rekkje andre klubbar. Kontrakten med Juventus vart våren 2007, då klubben var sikra opprykk til Serie A igjen, forlenga til 2012.[1] I 2009 vart kontrakten forlenga til 2013. Han var med på å vinna Serie A med Juventus i 2012, 2013 og 2014.

Landslagskarriere endre

Buffon debuterte for landslaget i ein VM-kvalifiseringskamp mot Russland 29. oktober 1997.

Etter å ha vore reserve for Gianluca Pagliuca under VM i 1998 og gått glipp av EM i 2000 grunna skade, starta Buffon for Italia under VM i 2002 og EM i 2004.

I VM i 2006, som Italia vann, vart Buffon kåra til beste keeper og fekk Lev Jasjin-prisen. Under fotball-EM i 2008 var Buffon Italia sin landslagskaptein.

Involvering i dommarskandalen 2006 endre

12. mai 2006 vart det påstått at fire Juventus-spelarar var mistenkte for å ha satsa pengar på kampar som dei sjølve hadde spelt i. To av dei skulle ha vore stjernene Gianluigi Buffon og Fabio Cannavaro, ifølgje den svenske avisa Expressen,[2], som nemner to cupkampar mot Atalanta i 2006 og i 2005 der Juventus tapte. Buffon vart frikjend.[3]

Referansar endre

  1. (en) «Juve duo stay on», artikkel i Calcio Italia No. 143 (juli 2007)
  2. ««Juventus kan flyttas ner»». Expressen. 12. mai 2006. [daud lenkje]
  3. (it) ««Buffon frikjent»». La Gazzetta dello Sport. 29. desember 2006.  it: Scommesse, Buffon prosciolto