Gibostad [jị-] (nordsamisk Čoalbmi) er ein tettstad med 312 innbyggjarar per 1. januar 2023 i Senja kommune i Troms. Staden ligg på nordaustsida av Senja, ved Gisundet. Riksveg 861 går gjennom staden og det er om lag 20 km til Gisundbrua. Gibostad har vore ein viktig handelstad, og var fram til midten av 1960-talet også kommunesenteret i Lenvik. I hamneområdet er det fleire verna hus frå stordomstida. Senja videregående skole med mellom anna landbrukslinje ligg i Gibostad.

Gibostad
tettstad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Areal 0,41 km²
Folketal 312  (2023)
Folketettleik 761 / km²
Postnummer 9372 GIBOSTAD
Preposisjon Gibostad
Kart
Gibostad
69°21′18″N 18°04′31″E / 69.355°N 18.075277777778°E / 69.355; 18.075277777778
Wikimedia Commons: Gibostad

Namnet kjem av norrønt Geigubólstaðr; Geiga har kanskje vore namn på Gisundet, kan høyre til norrønt geiga 'vingle, gå skeivt'; siste ledd tyder 'bustad'.

Fram til 1985 hadde Gibostad ferjesamband med Bjorelvnes.

Senja videregående skole

Tettstadet har i dag barne- og ungdomsskule, barnehage, legekontor, to daglegvareforretningar, post i butikk, båtslipp, bilverkstad og bensinstasjon.

Kjelder

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gibostad