Ginka Zagortsjeva

Ginka Zagortsjeva-Bojtsjeva (bulgarsk: Гинка Загорчева-Бойчева) (fødd 12. april 1958) er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Rakovski, som vart verdsmeister på 100 meter hekk i 1987, etter tidlegare å ha vunne bronsemedalje i VM 1983 og EM 1986.

Ginka Zagortsjeva
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 12. april 1958 (66 år)
Rakovski
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Zagortsjeva tok seg til finalen på 100 m hekk då Friidretts-EM 1982 fann stad i Aten, der ho enda sist etter fleire dårlege hekkepasseringar. Året etter sikra ho seg bronsemedaljen i øvinga under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, langt bak dei austtyske utøvarane som vann gull og sølv. Tre år seinare vann ho i europameisterskapen 1986 ein ny bronsemedalje på korthekken, i eit løp der landskvinna Jordanka Donkova tok ein suveren fyrsteplass.

Den 8. august 1987 sette Zagortsjeva verdsrekord på 100 meter hekk i Dráma i Hellas med tida 12,25 sekundar. Dermed seglde ho opp som den største favoritten i øvinga i Roma-VM ein månad etter. Med eit løp på 12,34 sekundar innfridde ho og tok gullmedaljen, eitt tidels sekund framom to austtyske utøvarar.

Verdsrekorden til Zagortsjeva gjaldt til Jordanka Donkova forbetra rekorden sommaren 1988. Zagortsjeva la opp etter ho vart nummer seks i korthekktevlinga under 1990-EM i Split.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre