Gjermund Hagesæter
Gjermund Hagesæter (fødd 12. desember 1960 i Lindås kommune) er ein norsk politikar (FrP). Han vart vald inn på Stortinget ifrå Hordaland i 2001. Han var vararepresentant i periodane 1989–1993 og 1997–2001.
Gjermund Hagesæter | |||
Gjermund Hagesæter Foto: Bård Gudim/FrPMedia | |||
Fødd | 12. desember 1960 (63 år) Lindås kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
I 2007 uttalte Hagesæter at Kristin Halvorsen må ta på seg ein del av skulda for kommunane i Terra-saka, då ho skal ha sendt ut feil signal igjennom å auke aksjedelen i Statens petroleumsfond ifrå 40 til 60 %.[1]
Etter medieomtale av opprullinga rundt hemmelege og ulovlege bankkonti i Lichtenstein i 2008[2], gjekk han ut til forsvar av skatteparadis som ei kjelde til lågare skattar i høgkostland.
«Hvis vi ikke hadde hatt skatteparadiser og lavskatteland hadde vi hatt et langt høyere skattenivå i dag. Dét er mitt anliggende. Sveits og Lichtenstein har langt lavere skattenivå enn her. Jeg støtter ikke ulovlig unndragelse, men det er ikke ulovlig å etablere seg i et annet land for å få lavere skatter, sier Gjermund Hagesæter.»[3]
Stortingskomitear
endre- 2005–2009 medlem av Finanskomiteen.
- 2005–2009 medlem av Valkomiteen.
- 2001–2005 medlem av Finanskomiteen.
Fotnotar
endre- ↑ NA24 - Kristin har skylden
- ↑ AFP - Liechtenstein tax scandal, arkivert frå originalen 3. mars 2008, henta 3. mars 2008
- ↑ NA24 - Hyller skatteparadisene