Opna hovudmenyen

Koordinatar: 71°6′0.74880″N 25°22′34.889″E

Gjesvær.

Gjesvær (nordsamisk: Geaissvearra) er ei bygd i Nordkapp kommune i Finnmark.

Bygda ligg på nordvestspissen av Magerøya og er eit fiskevær med fryseri, kjølelager og tilverking av fisk. Det er vegsamband til Honningsvåg og Nordkapplatået gjennom fylkesveg/E 69. Gjesvær kapell frå 1960 er rekna som eit kulturminne.

Ut mot havet nord for Gjesvær ligg Stappan, som er tre høge, bratte øyar. Dei tre øyane er høvesvis Bukkstappen (92 moh.), Kjerkestappen (166 moh.) og Storstappen (283 moh.). Øyane har fuglefjell og er naturreservat. Det har tidlegare vore busetjing på øyane, og på Kjerkestappen har det også vore ei kyrkje.

Namnet kjem av mannnamnet Geir, norrønt geirr for 'spyd' og av vær, 'fiskevær'. Staden er truleg den same som Geirsver i Heimskringla.

KjelderEndra