«Glade jul» eller «Stille natt» (originaltittel «Stille Nacht, heilige Nacht») er ein av dei mest populære julesongane. Han blei komponert av den austerrikske læraren og organisten Franz Xaver Gruber i 1818, mens presten Josef Mohr har skrivi den originale teksten (på tysk). Songen blei første gong framført i kyrkja i Oberndorf i Austerrike den 25. desember 1818.

Gruber sin utgåve av julesongen.

Songen er omsett fleire gonger til norsk, men det er den danske gjendiktinga av B.S. Ingemann frå 1850 (lett modernisert til bokmål) som er mest brukt. Erik Hillestad har omsett salmen til både nynorsk og bokmål. Desse tekstane er nærare originalen enn dei eldre omsetjingane, og dei er tekne med i framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja.

Nedanfor finn vi teksten til dei eldre utgåvene av salmen.

Tekstar

endre

«Stille Nacht» (originalversjonen)

endre
Stille Nacht, heilige Nacht!
Alles schläft, einsam wacht
Nur das traute hochheilige Paar.
Holder Knabe im lockigen Haar,
Schlaf in himmlischer Ruh,
Schlaf in himmlischer Ruh
Stille Nacht, heilige Nacht,
Hirten erst kundgemacht
Durch der Engel Hallelujah,
Tönt es laut von fern und nah,
Christ, der Retter ist da,
Christ, der Retter ist da!
Stille Nacht, heilige Nacht,
Gottes Sohn, o wie lacht
Lieb aus Deinem göttlichen Mund,
Da uns schlägt die rettende Stund,
Christ, in Deiner Geburt,
Christ, in Deiner Geburt!

«Stille natt! Heilage natt!» (nynorsktekst)

endre

Ukjend opphavsmann

Stille natt! Heilage natt!
Alle sov, eine att
sit dei unge, dei utvalde to,
ser på barnet, så lukkeleg no:
Sov i himmelsæl ro!
Sov i himmelsæl ro!

Stille natt! Heilage natt!
Hyrdingar får høyra radt:
Frå den himmelske englehær
tonar til dei frå fjern og nær:
Krist, vår Frelsar, er her!
Krist, vår Frelsar er her!

Stille natt! Heilage natt!
Jesusbarnet vår dyre skatt!
Kjærleik lyser frå bodskapsord
til dei lengtande folk på jord.
Jesus er gåva vår stor!
Jesus er gåva vår stor!

«Glade jul» (bokmålstekst)

endre

Ved B.S. Ingemann (1850)

Glade jul, hellige jul!
Engler daler ned i skjul.
Hit de flyver med paradis grønt,
hvor de ser hva for Gud er skjønt.
Lønnlig i blant oss de går.
Lønnlig i blant oss de går.

Julefryd, evig fryd,
hellig sang med himmelsk lyd!
Det er engler som hyrdene så,
dengang Herren i krybben lå.
Evig er englenes sang.
Evig er englenes sang.

Fred på jord, fryd på jord,
Jesusbarnet i blant oss bor.
Engler synger om barnet så smukt,
han har himmeriks dør opplukt.
Salig er englenes sang.
Salig er englenes sang.

Salig fred, himmelsk fred,
toner julenatt herned.
Engler bringer til store og små
bud om ham som i krybben lå.
Fryd deg hver sjel han har frelst!
Fryd deg hver sjel han har frelst!

«Glade jol» (nynorsktekst)

endre

Omsett frå bokmål til nynorsk av Bernt Støylen (1905)

Glade jol, heilage jol!
Englar kjem frå Guds kongestol.
Blomar ber dei til paradis,
Fint og fagert dei syng Guds pris.
Løynleg ikring oss dei går.

Jolebod, gledeleg bod
Tonar til oss med himmelljod,
Song av englar som hyrdingar såg
Den gong Jesus i krubba låg.
Songen av englar er sæl.

Fred på jord, frygd på jord!
Jesusbarnet det er vår bror.
Englar syng um hans herlegdom.
Han hev reidt oss i himmelen rom.
Songen av englar er sæl.

Sæle fred, himmelsk fred
Jolekvelden til jord kom ned.
Englar syng um den fred dei såg,
Syng om han som i krubba låg.
Gled deg, kvar sjel han hev frelst!