Myse er det flytande produktet i mjølk. Den andre, nokså faste delen er ostemasse. Mysa inneheld det meste av vatnet, saltet og mjølkesukkeret frå mjølka, og noko feitt og protein.

Myse frå geitostmaking.
Myse til høgre og ostemasse til venstre.

Ein får søt myse etter å ha laga søtmjølksostar og sur myse etter surmjølksoster (som gammalost og pultost), opplagt mjølk og skyr.

Produksjon endre

Ysting, det å få myse og ostemasse til å skilja seg frå kvarande, blir ofte starta ved å tilføra løype til mjølka. Prosessen kan også startast ved å tilsetja eit etande surprodukt som kefir, etter koking. Innan mykje osteproduksjon er mysa ofte rekna som eit bi- eller avfallsprodukt. Myse har likevel fleire bruksområde. Ho kan brukast til mat, drikke og dyrefôr.

Bruk endre

 
Vinmyse med sitronmelisse, sukker og lime

Ost og prim endre

Mange stader bruker ein myse til å laga ferskost. Den italienske osten ricotta er særleg velkjend. Liknande produkt finn ein i Frankrike (sérac), Hellas (mizithra), Korsika (brocciu), Spania (requeson) og dei tysktalende Alpane (zieger).

I norsk tradisjon har ein særleg brukt brukes myse til å laga brunost, ein mysost laga av myse frå geitemjølk, kumjølk eller ei blanding av desse. Ein koker mysa til ho blir seig. Deretter blandar ein ofte inn fløyte og koker denne fløytemysa ned til ein seig masse igjen. Brunost laga med fløytemyse blir kalla fløytemysost.

Pålegget prim lagar ein ved å avbryta nedkokingsprosessen på eit tidlegare tidspunkt. I Sverige lagar ein varianten messmör med vaniljesmak.

Drikke endre

Myse kan drikkast direkte, og blir mellom anna seld i kartong på Island som Mysa.[1] I Sveits, som har stor osteproduksjon, bruker ein myse som basis for ein populær brus kalla Rivella. Denne har eit myseinnhald på 35 %.

Myse var tidlegare ein populær drikk som blei servert på barar og kroer i Europa. Ho var då ofte tillaga på måtar som gjorde at ho fekk eit visst alkoholinnhald, og krydra så den ho søtleg på smak.[2] Ei oppskrift på vinmyse frå 1700-talet er slik:

Bland ein pint lettmjølk og ein halv pint kvitvin i eit ilåt, la det stå i nokre minutter, hell så over dette ein pint kokande vatn, la stå litt, så ostemassen saaler seg i ein klump i botn, hell så mysa i ein porselensbolle, tilføy ein klump sukker, litt sitronmelisse eller ei sitronskive."[3]

Dr. Olav Johan Sopp si bok Hjemmelagning av øl og vin (Olaf Norlis forlag, 1917) skildrar fleire måtar å framstilla alkoholiske drikaer av myse. Om desse drikkane skriv Dr. Sopp at «nogen av dem er ganske bra, men kræver noksaa meget arbeide, hvis de skal bli fuldkomne. Den værste ulempe ved dem er, at det kan bli saa forfærdelige sterke, opnaa portvins styrke.»[4]

Mat og fôr endre

Myse kan brukast i staden for vatn eller mjølk i matlaging, som ulike former for baking. Myseprotein blir seld som kosttilskot, og er særleg populært innan bodybuilding.

Tradisjonelt har ein særleg gjeve flytande myse som fôr til grisar. Ved industriell osteproduksjon svarar det seg meir a tørka mysa før ho blir brukt til dyrefôr.[5]

Helse endre

Myse inneheld mykje laktose, og må dermed ikkje etast av folk med laktoseintoleranse. Dette kan til dømes vera eit problem når myse blir brukt «skjult» i matprodukt.

Kjelder endre

  1. Mysa Arkivert 2011-05-01 ved Wayback Machine., ms.is
  2. Tony Rail and Beryl Thomas; Joseph Priestley’s Journal while at Daventry Academy, 1754, transcribed from the original shorthand; Enlightenment and Dissent (University of Wales, Aberystwyth), 1994, 13, 49–113. Oppgjeve av Bokmålswikipedia.
  3. Raffald, Elizabeth: The Experienced English Housekeeper, 8th edition (R. Baldwin 1782), s. 313
  4. Sopp, Olav: Hjemmelagning av øl og vin (Olaf Norlis forlag 1917) s. 90-93 skanna her.
  5. Pierre Thivend, Use of whey in feeding ruminants, fao.org

«myse» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Myse