Gossip (tidlegare kalla The Gossip) er ein USA-amerikansk indierocktrio med Beth Ditto som songar. Gruppa gav ut det fyrste studioalbumet sitt i 2001, men vart kjend for eit stort publikum fyrst med tredjealbumet, Standing in the Way of Control, som kom ut i 2006.

Gossip

Gossip under konsert i heimbyen Portland i 2006
OpphavUSA
Aktiv1999–no
SjangerIndierock, queercore, garasjerock, punkblues
PlateselskapBack Yard Recordings, Kill Rock Stars, K, Dim Mak, Columbia
MedlemmerBeth Ditto, Brace Paine, Hannah Blilie
Tidlegare medlemmerKathy Mendonca

Songaren Beth Ditto har fått merksemd på grunn av utsegnene sine om vekta si og feminisme, og openheita om at ho er lesbisk. Etter å naken ha pryda førstesida på det britiske musikkmagasinet NME og førstenummeret på det amerikanske tidsskriftet Love Magazine, har ho vorte framstilt som eit alternativt venleiksikon, i kontrast til det rådane snøretynne kroppsidealet.[1]

Den fyrste tida

endre

Gossip vart danna i 1999 in Olympia i Washington med vokalist Beth Ditto, gitarist Brace Paine, og trommeslagar Kathy Mendonca. I 1999 gav det uavhengige plateselskapet K Records ut den fyrste innspelinga deira, EP-plata, The Gossip.

Den neste utgjevinga vart fyrstealbumet That's Not What I Heard, som vart gjeven ut av plateselskapet Kill Rock Stars 23. januar 2001. EP-plata Arkansas Heat kom ut 7. mai 2002. Andrealbumet Movement kom året etter og vart utgjeve 6. mai 2003. I november 2003, to månader etter at dei hadde sendt ut det fyrste livealbumet sitt, Undead in NYC, forlét trommeslagar Kathy Mendonca gruppa for å arbeide som jordmor. Hannah Blilie, som hadde spela trommer i fleire pønkgrupper, kom med i staden.

Den fyrste utgjevinga der Hannah Billie var med vart tredjealbumet Standing in the Way of Control. Det kom ut 24. januar 2006 på Kill Rock Stars i USA og seinare same året på det britiske plateselskapet Back Yard Recordings.

Gjennomslaget

endre

Hitten «Standing in the Way of Control» var skriven av Ditto som respons på framlegget til ei føderal lov i USA som ville ha forbode giftarmål mellom personar av same kjønn. «Ingen i USA var overraska eller sjokkert over det Bush gjorde, men alle eg kjenner kjende seg hjelpelause og snytte» fortalde Ditto. «Refrenget skreiv eg for å oppmuntre folk og få dei til å ikkje gje opp. Dette er skumle tider for menneskerettar, men eg trur einaste måten å kome seg gjennom det på er å halde saman og fortsetje å kjempe». Albumet Standing in the Way of Control har sidan seld til gullplatestatus i Storbritannia.

Kontrakt med stort plateselskap

endre

I mars 2007 underskreiv gruppa kontrakt med Music With a Twist, eit plateselskap som ligg under Sony Music Label Group, og som konsentrer seg om skeive artistar.[2] Beth Ditto var avbilda naken på framsida av den britiske musikkavisa NME i utgåve datert 2. juni 2007. Sommaren 2007 var Gossip del av turneen True Colors Tour 2007,[3] som var innom 15 byar i USA og Canada. Øvst på turneplakaten stod Cyndi Lauper, andre medverkande var Debbie Harry, Erasure, Rufus Wainwright, The Dresden Dolls, The MisShapes og The Cliks. Overskotet frå turneen gjekk til ein kampanje for menneskerettar.

Gossip er heimehøyrande i Portland i Oregon og har spela med grupper som Sleater-Kinney, Le Tigre, CSS, Erase Errata, Mika Miko, Panther, Comanechi, og Mates of State. Gossip var opningsband for Scissor Sisters på tre konsertar under deira turne i november 2006, men i NME fortalde Ditto sidan at ho mislikte å spele for eit publikum som ikkje kunne sin Ramones.[treng kjelde]

24 juni 2007 var Gossip avsluttingsbandet på John Peel-scenen på Glastonbury-festivalen. Gruppa spelte på festivalen også året etter.

Gossip gav ut livealbumet Live in Liverpool i Storbritannia og USA i april 2008. Det var produsert av Rick Rubin.

Det fjerde studioalbumet deira, Music For Men, kom ut 22. juni 2009.

Medlemmer

endre

Tidlegare medlemmer

endre

Diskografi

endre

Studioalbum

endre
Tittel Dato Listeplassering
That's Not What I Heard 2001
Movement 2003
Standing in the Way of Control 2006 UK #22, Irland #31, Frankrike #34
Music For Men 2009
A Joyful Noise 2012
Real Power 2024

EP-plater

endre
Tittel Dato
The Gossip 2000
Arkansas Heat 2002
Real Damage 2005
GSSP RMX 2006

Livealbum

endre
Tittel Dato Listeplassering
Undead in NYC 2003
Live In Liverpool 2007 Frankrike #124

Remiksalbum

endre
Tittel Dato
RMXD 2007

Singlar

endre
  • «Standing in the Way of Control» - (2005 Le Tigre Remix) UK #64
  • «Listen Up!» - (2006) #88
  • «Standing in the Way of Control» - (2006) UK #13
  • «Standing in the Way of Control» - (2007 Gjenutgjeving) UK #7, UK Indie #1, Irland #25
  • «Listen-Up» - (2007 Gjenutgjeving ) UK #39
  • «Jealous Girls» (2007) UK #89, UK Indie #3
  • «Heavy Cross» (2009) UK #40

Samlealbum

endre
  • 2006 - Silver Monk Time - A Tribute to the Monks (29 grupper spelar coverversjonar av The Monks)

Kjelder

endre
  1. blackbookmag.com, arkivert frå originalen 28. september 2011, henta 23. juni 2009 
  2. Phillips, Amy "Pitchfork News "The Gossip Sign to Columbia", Pitchfork, 8. mars 2007.
  3. True Colors Tour 2007

Bakgrunnsstoff

endre