Gråvengtrompetfugl
Gråvengtrompetfugl (Psophia crepitans) er ein medlem av den litle trompetfuglfamilien, Psophiidae. Han lever i den nordlege Amazonasregnskogen og på Guayanaskjoldet i tropisk Sør-Amerika.
Gråvengtrompetfugl | |
Gråvengtrompetfugl i ein park i Nord-Carolina Foto: Dick Daniels
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Gråvengtrompetfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Trompetfuglar Psophiidae |
Slekt: | Psophia |
Art: | Gråvengtrompetfugl P. crepitans |
Vitskapleg namn | |
Psophia crepitans |
Skildring
endreGråvengtrompetfugl er ein rundt forma, perlehønsliknande fugl med lang, S-forma hals, lange bein og kort gult hønsliknande nebb. Han er 42–52 centimeter lang og 0,75 - 1,5 kilogram i vekt. Den mjuke fjørdrakta er hovudsakleg svart, men i motsetnad til dei andre artane i familien, er oversida med dei sekundære og tertiære flygefjørene grå hos gråvengtrompetfugl.[1]
Dette er sosiale skogsfuglar som hekkar i hòle tre, 8-13 meter over bakken, og legg 3 kvite egg som blir ruga av alle medlemmer av ei gruppe på fem eller fleire fuglar. Når dei ikkje hekkar, kan flokkane vere 50 eller meir. Føda deira er insekt og frukt som dei plukkar frå bakken. Dei er svake flygarar, og vil føretrekke å springe framfor å flyge. Om dei blir pressa flyg dei likevel opp i eit tre.[2]
Denne fuglen blir halden som eit temd fjørkre av urfolk i Amazonas. Trompetfuglane gjer nytte som ein effektiv vaktpost, med sitt høglydte varsellæte. Dei kan òg jakte slangar.[2]
Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt nær truga, NT. Trugsmåla er avskoging i Amazonasbassenget kor vegetasjonen blir brent ned til kvegdrift og soyaproduksjon, og dessutan av jaktpress.[3]
- Underartar med utbreiing
- P. c. napensis, frå søraustlege Colombia, gjennom austlege Ecuador til nordaustlege Peru, litt inn i nordvestre Brasil
- P. c. ochroptera, nord for Amazonaselva i nordvestre Brasil, og vest for Rio Negro
- Dette taksonet er skild ut som ein sjølvstendig art hos den nettbaserte tenesta Handbook of the Birds of the World Alive.[4]
- P. c. crepitans, Guayanaskjoldet, medrekna søraustre Colombia, sørlege Venezuela, og dessutan eit vidare område av Nord-Brasil.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gray-winged trumpeter» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2019.
- Referansar
- ↑ Sherman, P.T., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. Gray-winged Trumpeter (Psophia crepitans) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. august 2019
- ↑ 2,0 2,1 Hilty, Steven L. (2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
- ↑ BirdLife International (2019) Species factsheet: Psophia crepitans Arkivert 2016-07-16 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. august 2019
- ↑ HBW Alive, Family Psophiidae - oppslagsverk «Handbook of the birds of the world - Alive». Henta 24. august 2019.