Koordinatar: 69°40′45.656″N 18°57′38.855″E

Grønnåsen kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1996 i Tromsø kommune. Kyrkja er i vifteform og er utsmykka av Knut Fjørtoft. Kyrkjeinteriøret (døypefont og preikestol) er laga av John H. Jørgensen. Orgelet er frå 2001 og er bygd av orgelbyggjar lfred Führer i Wilhelmshaven.

Grønnåsen kyrkje
kyrkje
Grønnåsen kirke Tromsø.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Tromsø domprosti
Sokn Grønnåsen
Fellesråd Tromsø
Arkitekt Eigill Hallset og Kolbrun Ragnarsdottir
Innvigd 1996
Kyrkjegard Ja
Sitjeplassar 450

Grønnåsen kyrkje
69°40′46″ N 18°57′38″ E
Wikimedia Commons: Grønnåsen kirke

Tankar om å få reist ei kyrkje nord på Tromsøya hadde versert allereie ved slutten av andre verdskrigen. Det var først snakk om å få ei brakke frå militæret etter krigen og bruke ho som kyrkje. Ingenting konkret skjedde før i 1971, då kommunestyret vedtok å byggje Grønnåsen kyrkje. Planarbeidet byrja i 1974, men ingen planar låg fore før i 1982. Så kom ein ny plan i 1985 og eit forprosjekt i 1988. Dette omfatta ei kyrkje til 20 millioner, men kommunen sette av 13 millionar til føremålet, og arbeidet måtte starte på nytt.

I 1988 starta ein så eit nytt prosjekt. Arkitektane Eigil Hallset og Kolbrùn Ragnarsdottir fekk oppdraget med å teikne kyrkja. Grunnarbeidet tok til i mai 1995, 10. september vart grunnsteinen lagd ned, og sankthansaften 1996 vart kyrkja innvigd.

KjelderEndra

  • Kirkene i Troms, bind III, Ronny Trælvik og Arne Ivar Hansen, Bok i Nord forlag, Finnsnes 2017. s. 246–251

BakgrunnsstoffEndra